Heim Nyhende Planlegging skal gi bygda betre napp

Planlegging skal gi bygda betre napp

Kommunar i Distrikts-Noreg må bli flinkare til å planleggje husbygginga for å gjere seg attraktive for nye innbyggjarar.

 

Små, usikre og stagnerande bustadmarknader gjer at distriktskommunar ofte slit med å gjere seg lekre for potensielle tilflyttarar. I eit nytt tips-hefte frå Distriktssenteret får kommunane no råd om gode tiltak for å byggje nye og fylle tomme hus i distrikta.

– Mange kommunar er på leit etter korleis dei skal leggje til rette for auka busetjing. Men dei kan ikkje berre regulere arealplanen og tenkje at jobben er gjort, seier seniorrådgjevar i Distriktssenteret Trude Risnes.

Det nye heftet samlar dei viktigaste funna frå studien «Boligpreferanser i distrikta» som Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) gav ut i vår på oppdrag frå Distriktssenteret.

– Råda er ikkje ein fasit for alle, men vi vil synleggjere konkrete grep og tiltak som har fungert andre stader, fortel Risnes.

Kommunen må drage lasset

Eit typisk kjenneteikn for bustadsituasjonen i distriktskommunar er at fleire hus står tomme, men likevel ikkje er tilgjengelege. Dei er blitt feriebustader, eller eignar seg ikkje lenger til å bu i.

– TENK FRAMOVER: – Kommunane kan ikkje berre regulere arealplanen og tenke at jobben er gjort, seier seniorrådgivar i Distriktssenteret Trude Risnes. Senteret kjem no med ei hefte med råd om strategisk bustadutvikling i distriktskommunar. FOTO: Oskar Andersen / DistriktssenteretSamtidig fører den økonomiske risikoen til lite nybygging, og kommunane manglar ofte gode utleigebustader. For å snu denne situasjonen, rår heftet frå Distriktssenteret kommunane til å lage seg ein bustadstrategi og å leggje til rette for meir samarbeid.

– Vi trur det kan vere behov for å etablere arenaer der private aktørar, næringslivet og representantar for kommunen møtes for å diskutere bustadbehov, moglegheiter og utfordringar både for kommunen og for den lokale bustadmarknaden. Ikkje berre i tilknyting til konkrete prosjekt, men også på meir generelt grunnlag. Slike samarbeidsarenaer vil også kunne styrke den planfaglege kompetansen i kommunen, er eitt av råda i heftet.

Bommar gjennom å ville nå alle

Samarbeid på tvers av kommunegrensene kan vere avgjerande for å lokke folk til distrikta, ifølgje rapporten frå NIBR.

– Ved at nabokommunar i ein region går saman om bustadpolitisk og bustadstrategisk planlegging, vil det gi større moglegheiter, enten det gjeld eksisterande bustader eller utvikling og utbygging i åra framover. Sjølv om kommunane konkurrerer om innbyggjarar, må dei som region samarbeide for å stå sterkare i konkurransen regionar imellom, skriv forskingsinstituttet.

Kommunane må samtidig passe seg for å prøve å femne for breitt. Dei som har «alle» som målgruppe, treffer ofte ikkje, ettersom ulike innflyttargrupper kan ha forskjellige behov. I marknadsføringa bør kommunane derfor vere tydelege på kva grupper dei vender seg til, og løfte fram dei kvalitetane som akkurat den gruppa er oppteken av, anten det er eit levande sentrum eller fantastiske turmoglegheiter. Men det eine treng ikkje å ekskludere det andre.

– Det som kanskje er den viktigaste kvaliteten ved slike stader er at ein kan få både i pose og sekk, både typiske rurale kvalitetar og typiske urbane kvalitetar, slår heftet fast.

– Lag oversikt på nett

Eitt av dei mest konkrete tipsa er at kommunane bør lage ei samla oversikt over bustadtilbodet i regionen på heimesidene sine, gjerne i samarbeid med andre kommunar. Der bør det stå om både eksisterande og planlagde bustader, både hus, leilegheiter, småbruk, bustadtomter og tomter som er under regulering. På den måten kan noverande innbyggjarar, potensielle tilflyttarar og tilbakeflyttarar vurdere moglegheitene litt fram i tid.

Trude Risnes håpar det at Distriktssenteret no har samla funna frå forskingsrapporten i kortform kan stimulere både utbyggjarar og kommunar til å slå hovuda i hop om vidare strategisk bustadutvikling.

– Vi kjem med konkrete råd som ikkje nødvendigvis kostar så mykje, men som handlar om kvar ein rettar søkjelyset, om å snu arbeidsmetodar, samarbeid og det å ha nokre felles mål. Det treng ikkje å koste så mykje pengar, men det kostar nok litt i vilje.

Råd til kommunane:

*Lag ei samla oversikt over bustadmarknaden på nettsida til kommunen.

*Opprett samarbeid mellom kommunen, utbyggjarar og næringsliv og private bustadeigarar

*Samarbeid med andre kommunar i regionen

*Legg til rette for utbygging av mindre bustader

*Involver ulike aldersgrupper i bustadutviklinga

*Marknadsfør både rurale og urbane kvalitetar

*Bruk låne- og tilskotsordningane til Husbanken aktivt

Kjelde: Distriktssenteret/ NIBR

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...

Ola Borten Moes handlingsplan for norsk fagspråk møter kritikk

Handlingsplanen til regjeringa for norsk fagspråk møter kritikk frå professor som meiner regjeringa prioriterer det norske språket over kvalitet i forskinga. – Engelsk er språket...

Framtida Junior er årets nynorskbrukar

Framtida Junior fekk prisen "Årets nynorskbrukar 2023" for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne...
Mindre lokalt - meir sentralt: Frå Radiohuset til NRK på Marienlyst i Oslo. Foto: Wikipedia

NRK oppfyller ikkje nynorskkravet – framleis for lite nynorsk på nett og radio

Andelen nynorsk i NRK har auka noko, men det er framleis eit stykke igjen til målet, viser Medietilsynets tilsynsrapport for fjoråret. Direktør Mari Velsand i...