Heim Nyhende Universitet i Oslo får mindre pengar om dei kuttar ordbok-jobb

Universitet i Oslo får mindre pengar om dei kuttar ordbok-jobb

Dersom arbeidet med dei digitale ordbøkene vert flytta frå Universitetet i Oslo, flyttar pengane etter, fastslår Kulturdepartementet.

 

Det er usikkert kva som skjer med prosjektet og finansieringa når prosjektet Norsk Ordbok 2014 formelt vert lagt ned i februar neste år. Prosjektet er drive av Universitetet i Oslo (UiO), og Kulturdepartementet har bede om eit overslag over kostnadene for å halda ved lag ei minimumsløysing framover.

Uniform skriv at departementet ikkje er nøgd med svaret og trur universitetet har misforstått spørsmålet.

I eit brev blir det uttrykt misnøye med at UiO svarer at kostnadene vanskeleg kunne fastsetjast «no», ettersom det ikkje går klart fram om universitetet vil koma tilbake til spørsmålet seinare.

Departementet presiserer at det ikkje vil ta ansvar for oppgåver universitetet ikkje lenger tek seg av. Det vert gjenteke endå klårare at dersom Kulturdepartementet skal bidra til å finna organisatoriske løysingar utanfor universitet, må pengane følgja oppgåvene. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...