Heim Nyhende Det offentlege brukar millionar på appar ingen vil ha

Det offentlege brukar millionar på appar ingen vil ha

Offentleg sektor har fått «mobilappsjuka», meiner redaktøren i Computerworld Norge. Departement og direktorat brukar millionar på å utvikla mobilappar svært få nyttar.

 

NRK har laga eit oversyn over alle dei ulike mobilappane som er utvikla i statleg regi. Det syner mellom anna at appane med få unntak vert lite nytta og at dei i liten grad vert oppdaterte regelmessig frå utviklaren si side, ifølgje kanalen.

– Det er ein sjukdom i offentleg sektor der ein trur ein må laga appar for kvar ein pris, fordi det er der ein trur ungdommen er. Det viser seg å vera feil, seier redaktør Aslak Borgersrud i Computerworld Norge.

Han meiner offentleg sektor har fått det han kallar «appsjuka», noko han trur kjem av kombinasjon av verketrong og rådløyse. Den vanlegaste feilen verksemder gjer, er at dei ikkje tenkjer over om det konkrete behovet dei har best vert dekt av ein app, meiner Borgersrud.

Statssekretær Jardar Jensen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet erkjenner at staten har eit stykke igjen å gå når det kjem til ei einskapleg satsing på mobil.

– Regjeringa er oppteken av å gje innbyggjarane betre og meir effektive tenester. Me har innsett at me ikkje er så gode som me burde vera, seier Jensen.

Han viser til at det er nedsett eit eige utval på statssekretærnivå som skal samordna bruken av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i offentleg sektor. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...