Heim Nyhende Vil ha språksamlingane til UiB

Vil ha språksamlingane til UiB

Etter at Universitetet i Oslo vedtok å kvitta seg med språksamlingane i juni, har det rådd uro for framtida til materialet. No vil forskarar i Bergen ta ansvar og kanskje gjera språket til museumsgjenstand.

 

– Nasjonalt sett vil det vera ei katastrofe om alt arbeidet som er gjort no går dukken. Eg har sagt til instituttleiaren vår at her har me ein sjanse til å ta eit nasjonalt ansvar. Her er det snakk om det beste kjeldematerialet om norsk språk i verda, og så kan me håpa at det òg vil følgja litt pengar frå departementet, seier Helge Sandøy, professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved UiB til På Høyden.

Språk på utstilling

Språksamlingane omfattar målførearkiv, stadnamnsamling og ordboksverk. Sandøy meiner det er finansieringsmodellen for universiteta, som i stor grad avheng av produksjon av studiepoeng, som er årsaka til at språkforskinga er under så sterkt press.

– Eg har føreslått at ein kan plassera desse samlingane ved Universitetsmuseet i Bergen, for då kan ein forska på dei utan å vera avhengige av studiepoeng. Ein må berre læra seg at eit museum ikkje berre er for gjenstandar, men òg for immateriell kultur. Språk, namn og ord kan òg stillast ut, seier Sandøy.

Vil diskutera internt

Instituttleiaren ved LLE, Johan Myking, er ikkje framand for tanken på å henta samlingane til Bergen.

– Det som no skjer i Oslo er ei kulturpolitisk tragedie. Det er røyster i mitt fagmiljø som meiner at Bergen no må ta ansvar, og eg har stor sympati med slike idear, seier han til På Høyden.

Myking meiner ei overtaking må drøftast grundig, dersom UiB får eit slikt tilbod.

– Me har sterke, faglege interesser og kompetanse på feltet, så me må vurdera korleis me kan gå inn og ta eit fagpolitisk nasjonalt ansvar for i det minste delar av feltet, seier Myking. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...