Heim Nyhende Rådmennene tvilar på samanslåingar innan fristen

Rådmennene tvilar på samanslåingar innan fristen

Berre kvar fjerde rådmann trur kommunen hans har rokke å vedta samanslåing med ein eller fleire andre kommunar før fristen går ut ved utgangen av neste år.

 

Det store fleirtalet av rådmennene som er med i Kommunal Rapports undersøking svarer at fristen ikkje held, at dei ikkje veit eller ikkje vil svare (høvesvis 27 og 45 prosent). 28 prosent svarer at dei trur dei skal rekke å vedta samanslåing i tide.

Kommunaldepartementet har sett frist til våren 2016 med å komme med forslag til korleis dei kan slå seg saman med nabokommunane. Det er fullt mogleg for kommunane å seie nei til samanslåing. Men det som ikkje er mogleg, er å ikkje gjere nokon ting, understreka regjeringa og støtteparti då startskotet for kommunereforma vart avfyrt for ein månad sidan.

Dei fleste svarer at utgreiingar eller førebuingar er under arbeid, sjølv om nokre rådmenn oppgir at kommunestruktur ikkje vert debattert i deira kommune no.

Regjeringa håpar kommunane vil la seg freiste av eingongsstøtta på 20 millionar kroner i tillegg til ei reformstøtte på mellom 5 og 30 millionar kroner per frivillig kommunesamanslåing innan 2017. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...