Heim Nyhende Hauge-senteret opna: – Eit kraftsentrum for poesi i Noreg

Hauge-senteret opna: – Eit kraftsentrum for poesi i Noreg

I år er det tjue år sidan diktaren Olav H. Hauge gjekk bort. Torsdag blei eit nytt senter med namnet hans opna i Ulvik. Hauge-senteret er det første senteret for lyrikk i Noreg.

 

Med strålande sol og rundt tjue varmegrader kunne ramma knapt vore betre då folk frå mange kantar av landet møtte fram for å vera med på den høgtidlege opninga i poesibygda.

– Denne dagen er starten på ein merkedag for Olav H. Hauge, sa leiaren i Olav H. Hauge-stiftinga, Randi Skeie, då ho opna dagen med å leggja ned blomar på grava til diktaren.

Hauge-stiftinga er ein av initiativtakarane til Hauge-senteret, men det skal ikkje berre vera eit minnesmerke over Hauge og livsverket hans.

– Det er gledeleg å sjå at Hauge-senteret har sett seg som mål at det skal vera eit senter for poesi av alle slag, sa leiaren i Den norske Forfatterforening Sigmund Løvåsen i opningstalen. Han håpar senteret blir eit kraftsentrum for poesi og litteratur.

Nytt liv i gammalt hus

Hauge-senteret held til i det gamle heradshuset i Ulvik med flott utsikt til fjord og fjell. Huset frå 1950-talet er ombygd til eit moderne museum med utstillingar, museumsbutikk og kafe.

Ordførar i Ulvik Hans Petter Thorbjørnsen (Ap) var både stolt og glad då han helsa dei mange frammøtte.

– Dette er ein stor dag både for Ulvik-samfunnet, for Hordaland og for Noreg, sa han.

LES OGSÅ: Mange bilete – inga sanning

Eitt liv – små historier

Mottoet til museet, «Store opplevingar på små flatar», viser både til at det har avgrensa plass, og til at små, korte dikt kan romma stort innhald.

Mesteparten av utstillinga i første høgda er vigd Olav H. Hauge. Utstillinga er delt på tre rom og tek for seg fire tema: Handverkaren, diktaren, skrivaren og lesaren Olav H. Hauge. Gjennom utstillingane får publikum innblikk i ulike delar av livet og forfattarskapen til gartnaren og diktaren frå Ulvik.

– Eit gjennomgåande grep er at publikum oppdagar livet og skrivinga til Hauge gjennom mindre historier fortalt i små boksar, fortel dagleg leiar Geir Netland og viser oss lyssette boksar som heng i små grupper rundt om i rommet. Nokre har små dører som berre ventar på å bli opna. Andre er opne og klare til at små og store tittar inn. I ein boks kan publikum til dømes sjå eitt av dei tidlege vitnemåla til forfattaren. Ein annan fortel om oppveksten i heimen. Her er også sitat frå dagbøkene hans, glimt frå kontakt med forlagsverda og informasjon om kva som inspirerte han, Publikum kan til dømes kikka inn i den lokale bokhandelen, i biblioteket eller opna postkassen hans.

Frå Bodil Cappelen, enkja etter Olav H. Hauge, har senteret fått alle originalbreva ho og Olav skreiv til kvarandre og den private fotosamlinga hennar med fleire hundre bilete.

LES OGSÅ: Fortel Olav H. Hauge sanninga?

Frå eddadikt til rap og hip pop

Andre høgda inneheld mellom anna store delar av den private boksamlinga til Olav H. Hauge på rundt 6.300 verk. Her er også informasjon om internasjonale og norske forfattarar som hadde mykje å seia for han.

– Men senteret er mykje meir enn Olav H. Hauge. Både verdslyrikken, brukslyrikken og songlyrikken er ein del av formidlinga vår, understrekar Netland. I små diktboksar kan publikum sjå døme på ulike diktsjangrar og diktformer.

– Her viser me det store spennet som finst i lyrikken, seier Netland og viser oss diktkassane med alt frå eddadikt i Håvamål til rap og hip pop.

Ei viktig oppgåve for senteret er å spreia informasjon.

– Me skal arbeida aktivt mot skuleverket og tilby tilrettelagde opplegg for ulike alderstrinn, seier Netland og viser oss skriveverkstaden som er spesielt lagt til rette for dette formålet. Her kan elevane mellom anna få prøva seg som forfattarar med skrivetips frå ulike forfattar.

LES OGSÅ: Brev blei til kjærleik

KASSAR MED SMÅ HISTORIER: Mykje av informasjonen om Olav H. Hauge er fortalt gjennom mindre historier i små boksar som berre ventar på at små og store skal titta inn i dei. Her formidlingsleiar Guro Ljone. (Foto: Margunn Sundfjord / NPK)

– Mykje for pengane

Prislappen på Hauge-senteret er på 11 millionar kroner.

– Det er den billegaste nasjonale kulturinstitusjonen som er opna på lang tid, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk Kultursentrum. Nynorskkonsernet på Sunnmøre har det administrative ansvaret for senteret, som er finansiert av tolv ulike instansar i eit spleiselag mellom offentlege og private aktørar.

– Det finst allereie fleire litteraturhus. Vi har Aasen-tunet og Garborgsenteret. Er det plass til eit slikt senter?

– Det er plass til Hauge-senteret når vi byggjer ein høgare himmel over det store livsverket til Hauge, og får det handlingsrommet som lyrikk i mange former gjev oss. Det gjer at vi kan gjera ting som ingen andre kan gjera og knapt nok blir gjort i andre land, seier Ottar Grepstad.

Fakta om Hauge-senteret

– Held til i det gamle heradshuset i Ulvik

– Skal spreia kunnskap om og vekkja interesse for litteratur generelt og diktinga til Olav H. Hauge spesielt.

– Dokumenterer og formidlar lyrikk i mange former frå inn- og utland,

– Tilbyr kulturarrangement og eigne omvisingar for grupper.

– Nynorsk kultursentrum i Ørsta har driftsansvaret for Hauge-senteret,

– Har fire fast tilsette.

– Geir Netland er dagleg leiar.

Les meir om Olav H. Hauge på Allkunne!

Gå til samlesidene til Framtida.no om Olav H. Hauge!

PÅ OPPDAGINGSFERD: – Me har lagt stor vekt på at publikum skal vera aktive, seier dagleg leiar ved Hauge-senteret Geir Netland og viser korleis folk kan leita fram informasjon om diktinga og livet til Olav H. Hauge i skuffer og små kassar på veggen. Han håpar at besøkstalet kjem opp i rundt 5.000 kvart år. (Foto: Margunn Sundfjord / NPK).

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...