Heim Nyhende Ordførarar går imot svartelisting av kommunar

Ordførarar går imot svartelisting av kommunar

Regjeringa vil sikre at ingen kommunar tar opp unødige lån før eventuelle samanslåingar. Fylkesmennene skal derfor kontrollere låneopptak. Det får ordførarar til å reagere.

 

Før sommaren sendte kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) ut eit høyringsforslag som inneber at fylkesmennene skal kontrollere alle låneopptak frå og med neste kommunebudsjett og ut 2017, skriv Nationen.

Føremålet er å unngå at norske kommunar «gjennomfører uheldige økonomiske disposisjonar og strategiske tilpassingar i forkant av kommunereforma», heiter det i forslaget.

I alt har 136 kommunar sendt inn høyringsutsegner, av dei er 117 er sterkt imot forslaget. Dei meiner det i praksis vil bety at kommunar over heile landet vil bli behandla som kommunane på Robek – «svartelista» over kommunar i økonomisk uføre.

– Dette oser av mistillit til lokalpolitikarar. Forslaget kan skape store problem for nyinvesteringar over heile landet. Viktige prosjekt kan bli sett på vent, fordi kommunane ikkje veit om fylkesmannen vil gi godkjenning eller ikkje, seier Kyrre Lindanger, Ap-ordførar i Bokn kommune i Rogaland.

Også Høgre-ordførarar reagerer. Så mange som 80 prosent av dei 30 Høgre-styrte kommunane som har levert høyringsutsegn, er imot forslaget til lovendring.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil ikkje kommentere reaksjonane.

– Høyringsutsegnene er for tida til vurdering i departementet. Deretter vil vi konkludere i saka, seier statssekretær Jardar Jensen (H). (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...