Sjukefråværet er lågare mellom tilsette i småkommunar enn i byane.
Det viser tal som Kommunal Rapport har fått Statistisk sentralbyrå (SSB) til å utarbeida.
Det legemelde sjukefråværet låg i første halvår i år på 7,5 prosent. Det er ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå 2013. Fråværet låg markert høgare i perioden 2006 til 2009, men har frå 2010 og fram til no vore svært stabilt, skriv Kommunal Rapport.
Ifølgje dei nye tala har kommunar med mindre enn 2.000 innbyggjarar eit gjennomsnittleg sjukefråvær på 6,9 prosent, mot eit nivå på 7,6– 7,7 prosent for kommunar med 20.000 innbyggjarar eller meir.
KS meiner det vil vera interessant å følgja utviklinga i tala over tid.
– Me har ikkje noko kunnskapsbasert forklåring på kvifor sjukefråværet er lågare i mindre kommunar, seier rådgjevar Hanne Børrestuen i KS. (©NPK)