Heim Nyhende Stadig større klassar i grunnskulen

Stadig større klassar i grunnskulen

Tronge klasserom blir stadig vanlegare for elevar i grunnskulen. Etter at kravet om at det ikkje er lov med meir enn 28 elevar i kvar klasse vart fjerna for ti år sidan, har klassane est ut.

 

I 2001 gjekk 14 prosent av elevane i ein klasse med 20 elevar eller meir, medan no går 23 prosent i slike store klassar, opplyser Utdanningsdirektoratet til Aftenposten.

I 2004 var det ingen som hamna i klasserom med over 25 elevar. I opplæringslova heiter det no at klassane «ikkje må vere større enn at det er pedagogisk forsvarleg eller trygt».

– Kommunane kan no styre dette sjølv, og det blir berre større og større grupper. I Oslo veit vi at skulebudsjetta blir dårlegare år for år. Og sidan det er lærarlønna som kostar, kutter ein der, fortel hovudtillitsvalt Hilde Bentsen i Utdanningsforbundet Oslo.

Ei talfesta grense for klassestorleik har vore utgreidd og foreslått fleire gonger dei siste åra. I haust skal Stortinget behandle eit KrF-forslag om at alle 1.- 4.-klassar må ha to lærarar dersom elevtalet er over 16. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...