Heim Nyhende Bygdeutviklingspris for gardsmat

Bygdeutviklingspris for gardsmat

 

Haugen Gardsmat er tildelt Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris 2014 i Sogn og Fjordane.

 

Med base på garden i Flåm og god marknadsinnsikt, har dei utvikla ei lønsam foredlingsbedrift som gjev arbeid og inntekt både til eigarar og tilsette.  Kjerneverksemda er kjøttforedling med basis i råvarer av sau og lam frå Aurland, tamrein, svin og hjort. Bedrifta er eigd og blir drive av Odd Lothe Ohnstad og Kristine Grønner Ohnstad som eig kvar sin halvpart og med Odd som dagleg leiar. Bedrifta vart etablert som enkeltmannsføretak med eigne produksjonslokale i 2002,  men omorganisert til aksjeselskap i 2006. Produksjonen vart utvida gjennom leige av nye lokale i 2009.

– Eit tett samarbeid med primærprodusentar gjev tilgang til råvarer av høg kvalitet og kjent opphav/identitet. Dette gjer dei i stand til å levere kjøttvarer med ei historie om kvalitet og dyrevelferd, som blir formidla gjennom matopplevinga til sluttbrukaren både med omsyn til produktet, beiteområde, bonden og tamreinlag, heiter det i ei pressemeldig frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Bedrifta har spesielt lukkast i kundesegmenta hotell- og restaurant og har mange privatkundar på marknader i fleire større byar.

Dei har mellom anna vore med på å starta opp butikken Sesong i Kjøttbasaren i Bergen, med lokalmat som hovudfokus. No er dei inne i Bondens Butikk i Mathallen i Oslo.

Haugen Gardsmat har konkrete planer om å vidareutvikle bedrifta. Dette omfattar utvikling i produksjonen og arbeidet med å utvikle kundegrunnlaget. Eit spennande delprosjekt blir å utvikle samarbeidet reiselivsbedrifter både i og utanfor fylket og daglegvarehandelen.

Avgjerda i juryen var samrøystes. Prisen er på 50.000 kroner og blei utdelt av juryleiar og styreleiar i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane Jenny Følling under opninga av Fylkestinget i Loen, tysdag 14. oktober. Som prisvinnar i Sogn og Fjordane går Haugen Gardsmat as vidare som kandidat til Innovasjon Norge sin nasjonale BU-pris, der det vert plukka ut ein vinnar som får 250.000 kroner.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...