Heim Nyhende Kutt i laurdagsposten kan bli dramatisk for avisene

Kutt i laurdagsposten kan bli dramatisk for avisene

Mange kan miste laurdagsavisa om Posten kuttar utdeling av post på laurdagar. Mange vil også få fredagsavisa på måndag.

 

– Dette er vi ikkje budd på. For oss vil det bli dramatisk om Posten ikkje lenger skal levere avis på laurdagar, seier Øystein Øygarden, redaktør i Vest-Telemark blad til Klassekampen.

Tysdag blei det klart at regjeringa vil gi Posten løyve til å kutte ut postomberinga på laurdagar. Staten kan spare 400 millionar kroner ved å gå ned frå seks til fem dagars postombering. I forslaget som no er sendt ut på høyring, teiknar regjeringa to alternativ: Eitt der all postombering på laurdagar tek slutt. Det andre alternativet går ut på at Posten framleis har ansvar for ombering av aviser, men ikkje anna post.

– Omdeling av aviser blir nokre stader ein sentral del av debatten, seier politisk rådgjevar Reynir Jóhannesson (Frp) i Samferdselsdepartementet

Landslaget for Lokalaviser meiner endringa kan få store konsekvensar i ei tid då dei fleste papiraviser allereie er nede i kneståande på grunn av fallende opplagsfall og svikt i annonseinntekter.

Også riksdekkjande aviser som Klassekampen, Dagsavisen og Vårt Land vil bli berørt.

Kommunikasjonsdirektør Stig Finslo i Amedia fryktar dette kan få dramatiske konsekvensar for fleire av dei 78 lokalavisene dei eig.

– Dette kjem på toppen av andre delar av den statlege mediepolitikken som påverkar media i ei svært negativ retning, seier Finslo.

Han viser til forslaget frå regjeringa om å kutte 50 millionar kroner i den direkte pressestøtta, forslaget om 8 prosent moms, og dessutan bortfallet av 50 millionar kroner i statlege annonsar i avisene. (©NPK)

Førre artikkelKrev norsk språk offshore
Neste artikkelFonetisk bytur

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...