Heim Nyhende Framtida.no får støtte til grøn journalistikk

Framtida.no får støtte til grøn journalistikk

 Framtida.no får 100.000 frå Fritt Ord til prosjekt om glokal journalistikk om klimaspørsmål.

 

Pengane skal gå til artikkelseriar om det grøne skiftet og om klimaspørsmål i lokalvalet.

– Dette er ei strålande stadfesting for oss at Fritt Ord har tru på det me driv med, og veldig kjekt at me når opp blant så mange andre gode søkjarar. No gler me oss til å setja i gang, seier redaktør i Framtida.no, Svein Olav B. Langåker. Målet med prosjektet utforska nye metodar for å skriva om eit globalt spørsmål som klima før lokalvalet.

Inspirert av slagordet «tenk global, handla lokalt» vil Framtida.no forsøka å knyta globale og lokale problemstillingar saman for å gjera klimaproblemet meir konkret.

– Me ønskjer å laga såkalla glokal journalistikk på klimaspørsmål i nokre av dei norske lokalsamfunna som er mest avhengig av oljeindustrien. Slik vil me prøva å undersøkja kva berekraftige løysingar me skal leva av i framtida, seier Langåker.

Framtida.no-redaksjonen vil la publikum vera med og påverka retninga og innhaldet i journalistikken.

– Difor vil me også arrangera eit folkemøte i samband med prosjektet, seier redaktøren for den nynorske nettavisa.

Fritt Ord delte i dag ut vel fem millionar kroner til 32 ulike journalistiske prosjekt, som ein del av stiftinga si satsing på å støtta kvalitetsjournalistikk.

Den nynorske nettavisa Framtida.no blir driven av Landssamanslutninga av nynorskkommunar i samarbeid med ABC Startsiden.

Les kva andre prosjekt som får støtte!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Digitalt nynorskseminar for folkevalde i kommunane

Alt du treng å vita om nynorsk i kommunepolitikken på 45 minutt!  Kva kan du som kommunestyrerepresentant gjere for nynorsken i kommunen din? Me inviterer...

Mållaget etterlyser betre nynorskpolitikk i partiprogramma

– Dei fleste partia bør få betre nynorskpolitikk før dei går inn i valkampen. Det seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Han har...

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...