Heim Innspel Høviske ord: Kommunereforma

Høviske ord: Kommunereforma

Det kan seiast mykje om kommunereforma, og mange gjer nett det. Regjeringa ønskjer eit nytt kommunekart, med monaleg færre kommunar enn i dag. Frå 428 til rundt 100 var det store målet, men det er neppe mange som trur på slike tal lenger.

LNK har eit pragmatisk og avslappa forhold til kommunereforma. Det kan godt vera at nokre kommunar vil ha godt av å slå seg saman, og at dei då ville kunna gje betre tilbod til innbyggjarane sine, utan at lokaldemokratiet ville li av det. Smått er ikkje alltid best.

Kommunane har frist fram til 2016 med å bestemma seg for kven dei vil slå seg saman med. Regjeringa (og eit fleirtal på Stortinget) har sagt at det vil bli brukt tvang dersom kommunane ikkje vil slå seg saman. Dei nye storkommunane skal vera på plass innan 1. januar 2020.

Då regionalisering, samanslåing av fylke, var tema sist, for ti-tolv år sidan, stranda reforma på manglande vilje i regjering og Storting til å delegera makt og oppgåver ut til regionane. Då det vart alvor var det ikkje vilje til å gje frå seg makt ut av Oslo.

Få av dei nye oppgåvene som kommunane skal få, og som kan gjera samanslåingar nødvendige og ønskjelege, er konkretiserte til no. Dei to rapportane som Vabo-utvalet har lagt fram, er påfallande vage når dei drøftar kva nye oppgåver som kan vera aktuelle. Stortingsmeldinga som skal presentera nye kommunale oppgåver kjem i april i år, og først då er det råd å seia noko kvalifisert om behovet for samanslåingar.

Målet er å leggja fram ein proposisjon om samanslåingane for Stortinget våren 2017 – nokre månader før Stortingsvalet. Ingen skal seia at me ikkje har ei modig regjering….

I rapporten frå Vabo-utvalet, vert det konkludert med at  idealstorleiken for ein norsk kommune vil vera 15 000 til 20 000 innbyggjarar. Som professor Frank Aarebrot seier det: «Dette er jo eit greitt prinsipp, så lenge ein utstyrer heimehjelparane i Finnmark med kvart sitt helikopter».

Men viss me ser saka frå ein nynorsk ståstad: Dersom folketalsprinsippet åleine vert lagt til grunn, vil ikkje ei kommunereform nødvendigvis få store negative konsekvensar for nynorsk i kommunane, bortsett frå kanskje i Romsdal, på Nordmøre, i Valdres og Buskerud. I store delar av landet kan eit slikt prinsipp tvert om vera med på å styrkja nynorsk i offentleg sektor ved at me får fleire relativt store, for ikkje å seia robuste, nynorskkommunar.

Styret i LNK har bedd administrasjonen om å greia ut kva språkkonsekvensar reforma vil få. Dette er ikkje lett så lenge me ikkje veit kven som kjem til å slå seg saman med kven. Forhandlingsmønsteret rundt om i kommunane er forvirrande. Svært forvirrande. Ulike konstellasjonar svever over vatna og det meste er uklårt. I nokre kommunar drøftar ein opp til 8-10 ulike modellar.

LNK har dei siste tjue åra fått ei statleg løyving frå Kulturdepartementet. I år er denne løyvinga flytta til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Det kan vera ein slags logikk i dette: Dei siste åra har KMD vore ein viktig aktør også i språkspørsmål.  Det er til dømes dette departementet som deler ut prisen «Årets nynorskkommune» og har ansvaret for Kommuneproposisjonen, der det i år vert understreka at kommunereforma ikkje skal ha negative følgjer for samisk og nynorsk.

LNK vil greia ut kva konsekvensar kommunereforma vil ha for språksituasjonen i landet. Det vert mellom anna særs viktig å setja av «språklege omstillingsmidlar» til dei kommunane som vert språkdelte som følgje av ei eventuell kommunesamanslåing.

KMD ønskjer at LNK skal gje råd til kommunane om språklege konsekvensar som følgje av kommunereforma. Det skal LNK gjera etter beste evne, og eg håpar me og får høve til å gje nokre gode råd til KMD.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...