Heim Nyhende Venstre-toppar i Sogn og Fjordane uroa over sentralisering

Venstre-toppar i Sogn og Fjordane uroa over sentralisering

Ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V) og varaordførarane i Førde og Florø frå same partiet er sterkt uroa over ei rekkje statlege tiltak som dei meiner svekkjer fylket og fører til sentralisering.

 

Dei tre Venstre-politikarane ber no om møte med partileiar Trine Skei Grande og stortingsgruppa for å påverka Høgre/Frp-regjeringa, fortel Firda.

I eit felles brev til partileiinga forklarer dei kva dei reagerer på.

– Årsaka til at vi no går saman om dette brevet, er at vi alle for tida opplever ei djup uro over dei mange, tilsynelatande ukoordinerte prosessane som for tida er på gang frå H/Frp-regjeringa og statlege etatar med nedbygging av statlege arbeidsplassar og kompetansemiljø, skriv dei tre.

I brevet listar dei opp ti ulike prosessar som dei reagerer på. Det gjeld mellom anna framlegget til nye politidistrikt, alarmsentralar, varsla nedlegging av skattekontor og moglege nedleggingar av flyplassar, kontoret til Fiskeridirektoratet og lensmannskontor. Samanslåing av høgskular blir også nemnd. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...