Heim Innspel Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp.

Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål eller nynorsk – men stort sett på bokmål. I dag er i overkant av 14 prosent av lovene på nynorsk, og desse utgjer litt over 11 prosent av tekstmengda i lovverket.

I St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk vart det sagt at “[m]ålet må vera at minst 25 prosent av lovverket rekna i tekstmengd etter kvart skal vera på nynorsk”. Dette er eit språkpolitisk mål som er like aktuelt i 2024 som i 2008.

Noregs Mållag og Juristmållaget meiner det er på høg tid at regjeringa og Stortinget gjer eit krafttak for å få fleire lover på nynorsk. Frå no av bør difor alle nye lover vedtakast på nynorsk til me når målet om 25 prosent. Kvart år vedtek Stortinget rundt 20 nye sjølvstendige lover. Med eit slikt grep vil nynorskprosenten auke raskt, med den bonusen at me får nye lover på nynorsk over heile breidda av rettsområdet.

Likevel, det viktigaste er at nye og sentrale lover kjem på nynorsk. Gjennom dei siste åra har regjeringane, både Solberg og Støre, late ei rekkje gode høve gå frå seg til å føreslå nye sentrale lover på nynorsk. Det ville vore viktige nyvinningar for nynorsk rettsspråk om me til dømes hadde fått den nye likestillings- og diskrimineringslova (2017), åndsverkslova (2018), barnevernslova (2021) eller tollavgiftslova (2022) på nynorsk. Det var røynlege tap for nynorsken då den nye arvelova (2019) og trussamfunnslova (2020) kom på bokmål og erstatta tidlegare nynorsklover. Arvelova er ei lov både juristar og ikkje-juristar møter i arbeid og i livet. Det er dessutan ei lov jusstudentane møter tidleg på studiet.

Ei ny forvaltningslov har vore i emning sidan Forvaltningslovutvalet la fram sitt lovforslag i NOU 2019: 5, som òg inneheldt ei nynorsk omsetjing av lovforslaget til utvalet. Det tydelegaste enkeltgrepet regjeringa og justisministeren kan gjere i nokolunde nær framtid, er å sjå til at Stortinget får eit lovforslag på nynorsk å handsame.

Skriftspråket i lovene påverkar den skriftlege kvardagen i det offentlege og private. Både lovene, forskriftene og lovforarbeida vert ofte siterte, og dermed gjev tekstane tunge føringar i kva ord, omgrep og uttrykksmåtar som vert mest vanlege å bruke, og kva skriftspråk me ser mest av. Vidare er det ei viktig kjelde til utvikling av nynorsk fagspråk og forvaltningsspråk.

Den nye språklova frå 2021 opna eit nytt kapittel i norsk språkhistorie. No skal nynorsken aktivt fremjast av det offentlege Noreg, nettopp fordi det er det minst brukte av dei to jamstilte norske skriftspråka, med tilslutnad frå eit samrøystes Storting.

I det særlege ansvaret det offentlege har for å fremje nynorsk, må det òg liggje at både regjeringa og Stortinget må ta språkpolitisk ansvar og syte for at også fordelinga mellom nynorsk og bokmål i Noregs lover er i samsvar med intensjonane i språklova.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
Sigbjørn Råsberg, leiar i Juristmållaget 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...