Heim Nyhende NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar.

NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar av plattformene. Tala for 2023 viser at statskanalen klarar nynorskkravet på TV, men ikkje på nett og radio.

I 2023 var nynorskdelen på NRK:

  • NRK radio: 22 prosent
  • NRK TV: 27,9 prosent
  • NRK.no: 22,4 prosent

Tobias Christensen Eikeland er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Norsk Målungdom

Vil ha meir nynorsk på nett

Leiar i Norsk Målungdom, Tobias Christensen Eikeland, meiner NRK bør fokusere på å få opp nynorskdelen på nett og i sosiale medium.

– Vi er sjølvsagt kjempeglade for at NRK får det til på TV, men me er ikkje nøgde fordi ein av dei viktigaste arenaane er på nett. Mange finn nyheitene på nett og sosiale medium, difor er det spesielt viktig at ein finn nynorsk i desse kanalane, seier han på telefon til Framtida.no.

Han rosar statskanalen for å klare over 25 prosent nynorsk totalt, men oppmodar til å tilsette fleire nynorskjournalistar som kan skrive for nett.

– Generelt så synest vi at 25-prosentregelen er ein veldig viktig måte å få til nynorsk i ålmenta. NRK er jo ein av dei viktigaste nynorskprodusentane vi har, understrekar Eikeland.

Språksjef Karoline Riise Kristiansen. Foto: Ole Kaland / NRK

– Burde klare 25 prosent nynorsk på kvar plattform

Språksjef i NRK, Karoline Riise Kristiansen er nøgd med at dei ligg over 25 prosent nynorsk totalt, men meiner det ikkje er godt nok.

– Vi burde sjølvsagt klare 25 prosent nynorsk på kvar enkelt plattform, både TV, radio og nett, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Ho forklarar at teljinga på nett er den enklaste, medan TV måler både munnleg språk og teksting.

– Det er enklare å planlegge for nynorsk teksting av program som kjem fram i tid, for eksempel på utanlandske seriar, filmar og dokumentarar, enn å planlegge nynorsk munnleg i notid på radio. Difor er det enklare å legge til rette for ein høgare nynorskprosent på TV enn vi kan på radio. Så vi kan vel eigentleg seie at kombinasjonen av både skriftspråk og tale, og at begge blir målt, er suksessoppskrifta på TV.

Nettsatsing

I 2020 var delen nynorsk på NRK.no 17 prosent. Nettsjef Hildegunn Amanda Soldal har difor leia ei satsing for å auka nynorskdelen på nett.

Språksjef Riise Kristiansen meiner klare, konkrete mål i enkeltredaksjonar, kursing, retningslinjer for bruk av språkteknologi, tilsetjing av fleire nynorskjournalistar og ei større bevisstgjering av kva som fører til auka bruk av nynorsk, er grunnen til nynorskauken.

Vi kunne ha valt ei «billegare løysing» med mykje større bruk av språkteknologi for eksempel, men det er det systematiske arbeidet som gir gode ringverknadar på sikt, meiner vi, skriv Riise Kristiansen.

Språk følgjer sak

– Har de noko tal på nynorskdelen i sosiale medium?

– Når det gjeld tal på nynorskbruken i sosiale medium så har nynorskorganisasjonane ønskt seg det tidlegare også, men det har vi dessverre ikkje. Desse aktørane er det ikkje NRK som eig og difor har vi heller ikkje tal på bruken av nynorsk i dei, slik som vi har på eige innhald. Men retningslinjene våre er at «språk følger sak», så om ei sak er på nynorsk, så skal også snap-historia vere på nynorsk, berre for å nemne eit døme på korleis vi gjer det, svarar språksjefen, og legg til:

– Så er det jo også slik at NRK har ein strategi om å publisere mindre i sosiale medium, så difor er det å lage nye verktøy for å kunne måle delen nynorsk hos eksterne aktørar heller ikkje eit satsingsområde for oss.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...