Heim Nyhende Desse endringane kan kome for nynorsken

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått.

Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at middagsfavoritten taco skal bli lov å skrive med «k», men det er ikkje den einaste endringa dei ønskjer for det norske språket. Det kjem fram i forslaga dei har sendt på høyring.

Formålet med høyringa er å informere ålmenta om forslaga og hente inn synspunkt på dei planlagde endringane, utdjupar Språkrådet i dokumentet. Alle som vil kan kome med tilbakemeldingar på dei føreslåtte endringane.

Så kva er dine innspel? Her er ei oversikt over kva Språkrådet ønskjer seg for nynorsken:

«Koss»

Spørjeordet «koss» kan vere på retur! Fram til 2012 var ordet ei sideform av «korleis», saman med «hoss» og «hossen». Desse formene vart tekne ut med rettskrivingsreforma.

No er det føreslått å ta «koss» inn i nynorsk som eige oppslagsord.

Fagrådet meiner det bør vere ei normert form på grunn av måten ordet er brukt i tekstar og fordi det er utbreidd i talemålet generelt og i kjerneområdet til nynorsken. Skrifttradisjonen kan òg tale for at «koss» bør vere ein del av nynorsknorma, heiter det i høyringsdokumentet.

(Spørjeordet «kvisleis» vil du derimot framleis få trekk for å skrive på norskeksamen).

Språket er i stadig endring. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

«Raster»

«Raster» er kanskje ikkje ordet du skriv oftast i løpet av ein dag, men fagrådet i Språkrådet ønskjer uansett ei endring av genusnormeringa for dette substantivet. Der ein i dag kan skrive både ein og eit raster, vil dei innføre inkjekjønnsmarkering, og at ein tek ut hankjønn av nynorsknorma for dette ordet.

Språkrådet poengterer at substantivet «raster» er i bruk i ei rekkje betydingar. I nynorskordboka har ordet denne forklaringa «rutemønstrete glasplate til å reprodusere og prente bilete».

Vil endre kjønn

Elles føreslår Språkrådet endring av genusnormering, altså kjønnet, for substantiva artefakt, ekstrakt, jippo, krampe, låt, manual og skyr. Dette gjeld både på nynorsk og på bokmål.

Grunnen til at ein vil endre kjønn på desse orda, handlar om den faktiske bruken av orda.

Du har kanskje teke deg sjølv i å skrive «ei låt», for så å finne ut at det faktisk heiter «ein låt»? Om forslaget til Språkrådet går i igjennom, vil du kunne skrive «låta» om favorittsongen din så mykje du berre vil.

Slik føreslår dei at det skal bli på nynorsk:

Kjelde: Språkrådet, illustrasjon Canva

Pellets

Når det er kaldt ute er det mange som fyrer med pelletar. Eller seier du kanskje heller pelletsar? Den første forma er lov å skrive i dag, men Språkrådet vil opne for å kalle dei små kulene eller sylindrane for pellets med «s», sidan det er ei form som er mykje brukt i dag. Det blir likevel ikkje lov å skrive pellets i fleirtal.

Bøyinga blir slik på nynorsk:

ein pellet – pelleten – pelletar – pelletane

eller

ein pellets – pelletsen – pelletsar – pelletsane

Fornorskingar

Ein del av forslaga til Språkrådet går på fornorskingar av skrivemåten til importord som har blitt etablerte i Noreg. I dei ti aktuelle orda, blir c bytt ut med k for å få ein skrivemåte som passar norsk ortografi, det dei kallar norvagiserte former.

Kjelde: Språkrådet, illustrasjon Canva

Ifølgje retningslinjene for normering skal ein 25 år etter vedtaket analysere bruken av dei aktuelle orda og vurdere om dei valfrie formene bør bli den einaste forma.

Det blir spanande å sjå om 25 år om «tako» har slått an.

Jussen

Som vi peika på over, skal ein vurdere normering av ord etter at det har gått 25 år sidan vedtaket. Språkrådet har vurdert fleire eldre importord, og kome fram til endringar for «jus/juss» og «resurs/ressurs».

Kjelde: Språkrådet, illustrasjon Canva

Både «jus» og «juss» er mykje brukt, men i bestemt form er det klar overvekt for forma «jussen» med to s-ar. Det er tilfelle uansett om ein skriv «jus» eller «juss» i utgangsforma.

Språkrådet meiner difor at «jussen» bør vere den einaste forma som er lov i bestemt form.

For «resurs/ressurs», blir skrivemåten med to s-ar brukt i over 95 prosent av tilfella dei har sett på.

Språkrådet meiner at «resurs» bør gå ut av normene.

Ingen av endringsforslaga til Språkrådet er så gjennomgripande at dei treng godkjenning fra Kultur- og likestillingsdepartementet.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....