Heim Innspel Nynorsk og bokmål må inn i Grunnlova

Nynorsk og bokmål må inn i Grunnlova

Det er på høg tid å grunnlovfesta norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg og grunnlovfesta jamstillinga mellom bokmål og nynorsk.

Den formelle likestillinga mellom bokmål og nynorsk må sikrast ein sterkare og tydelegare rettsleg status. Noregs Mållag ynskjer at norsk, både bokmål og nynorsk, skal grunnlovfestast som nasjonalt hovudspråk. Det vil vera viktig særleg for nynorsk, som det minste av dei to norske skriftspråka.

I dag er det berre samisk språk som har eit vedteke grunnlovsvern (paragraf 108). I paragraf 114 er norsk språk indirekte grunnlovfesta gjennom kravet om å måtta tala «språket i landet» for å bli utnemnd til embete i staten. I lov om språk (språklova) blir det slege fast at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Det bør også stå i Grunnlova.

I ei globalisert verd treng norsk språk eit sterkare vern enn tidlegare. Det er mange land som ser dette. Ifølgje databasen Constitute finst det 148 land i verda med grunnlover som inneheld føresegner om nasjonalspråk. 97 land har grunnlover med føresegner som på ulike vis vernar språkbruk. Det er i dag meir vanleg at statar omtalar språk i grunnlovene, enn at dei ikkje gjer det.

Dei siste åra har Stortinget gjort mykje for å oppdatera Grunnlova, med mellom anna ei rekkje menneskerettslege føresegner. Ei grunnlovfesting av statusen til det norske språket, medrekna jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, vil vera ei modernisering av Grunnlova. I 2024 kan vi feira  jubileum for to viktige nynorskvedtak i nyare tid. For 50 år sidan, i 1974, vedtok Stortinget at lærebøker til bruk i skulen skulle koma til same tid og same pris. Dette vedtaket var avgjerande viktig for å sikra elevar retten til likeverdig opplæring i alle fag på nynorsk. For 10 år sidan, i 2014, vedtok Stortinget at Grunnlova skulle finnast i to jamstilte versjonar, ein på nynorsk og ein på bokmål. At det mest grunnleggjande dokumentet for staten Noreg då kom på nynorsk, var ein viktig symbolsk siger for nynorsken.

Det vil vera ei fin markering av desse jubilea at det i denne stortingsperioden kjem eit framlegg om å grunnlovfesta norsk som nasjonalt hovudspråk, med jamstillinga mellom nynorsk og bokmål. Då kan det neste Stortinget for fyrste gong røysta ein slik paragraf inn i Grunnlova.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Velkommen til landstinget til LNK! Meld deg på her!

Kulturminister Lubna Jaffery (Ap) og kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) kjem saman med ei rekkje andre innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...

Digitalt nynorskseminar for folkevalde i kommunane

Alt du treng å vita om nynorsk i kommunepolitikken på 45 minutt!  Kva kan du som kommunestyrerepresentant gjere for nynorsken i kommunen din? Me inviterer...

Mållaget etterlyser betre nynorskpolitikk i partiprogramma

– Dei fleste partia bør få betre nynorskpolitikk før dei går inn i valkampen. Det seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Han har...