Heim Innspel Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god opplæring i og på språket deira.

Kva nynorskhjelp lærarstudentane får gjennom fem år på studiet, kjem an på kvar dei studerer og kven som arbeider ved utdanningane.

Låg nynorskkompetanse blant lærarar er eitt av dei største trugsmåla mot nynorsken i skulen og ein av grunnane til språkskifte, særleg i språkblanda område der nynorsk og bokmål lever side om side. Det er ulike praksisar for å gje nynorskopplæring i lærarutdanningane på dei ulike utdanningsinstitusjonane. Det finst ikkje eit system for å sikre at lærarutdanningane gjer framtidige lærarar, uansett kva fag, kompetente til å undervise på og i nynorsk som hovudmål.

Læreplanverket definerer lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter som skal øvast opp i alle fag. Det er ferdigheiter som er viktige for utviklinga av identitet og sosiale relasjonar hjå elevane, og for å kunne delta i utdanning, arbeid og samfunnsliv. Difor er det ferdigheiter elevane bør få øve på i alle fag. Då må lærararstudentane i alle fag få nok trening gjennom studiet til at dei kjenner seg så trygge i nynorsken, at dei kan lære han vekk. Det vil opne for at også nynorskelevar kan få den avgjerande mengdetreninga som ligg til grunn for ei god lese- og skriveopplæring.

Rammeplanane for lærarutdanninga må stille klare krav til kva språkkompetanse lærarstudentane skal ende opp med. All forsking som er gjort på feltet, viser at formuleringane som er i rammeplanane, er sentrale for nynorskopplæringa. Ein treng tydelege forventingar og målsettingar.

Vi må sikre at anten du tek lærarutdanninga i Sogndal, på Hamar eller i Oslo, så blir du ein lærar som også meistrar nynorsk så godt at du kan undervise på språket. For i minst 3000 klasserom rundt i Noreg er det nynorsk som er undervisningsspråket. Det er norske kommunar som skal rekruttere lærarar til desse klasseromma. Difor må det stå på vitnemålet til lærarstudentane kva kompetanse dei har for å drive opplæring i og på nynorsk. Utdanning av nye lærarar er viktig for framtida for norsk språk. Då må ei god lærarutdanning gje lærarstudentane den naudsynte kunnskapen og kompetansen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...