Heim Nyhende Ola Borten Moes handlingsplan for norsk fagspråk møter kritikk

Ola Borten Moes handlingsplan for norsk fagspråk møter kritikk

Handlingsplanen til regjeringa for norsk fagspråk møter kritikk frå professor som meiner regjeringa prioriterer det norske språket over kvalitet i forskinga.

– Engelsk er språket på forskinga. Viss ein vil halde oppe god forsking ved norske institusjonar, må det skje på engelsk, seier professor Tore Wig i statsvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO) til Klassekampen.

Onsdag la forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) og kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) fram ein handlingsplan for norsk fagspråk.

Her blir det foreslått at faste tilsette som skal undervise ved universitet og høgskular, må lære seg norsk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjing og at studentar skal ha rett til å skrive både bachelor- og masteroppgåver på norsk.

Regjeringa vil i tillegg gjere tydeleg ansvaret til institusjonane for å bruke norsk eller samisk som undervisningsspråk.

Fryktar konsekvensane

– På sikt vil dette svekkje forskingskvaliteten i Noreg. Kva er viktigast: at vi får god kreftforsking i Noreg, eller at ho går føre seg på norsk, spør Wig.

Men Borten Moe viser til at 90 prosent av den vitskaplege publiseringa frå norske institusjonar er på engelsk, og at mengda engelsk i undervisninga er nær dobla på ti år.

Han understrekar at regjeringa anerkjenner at mykje forsking går føre seg på engelsk.

– Det er ikkje noko motsetningsforhold mellom å delta i det internasjonale kunnskapssamfunnet og samtidig halde oppe eit fullverdig norsk språk, seier han.

– Må sameinast med norske interesser

Regjeringa er klar over at det er nødvendig å publisere på engelsk for å delta i det globale kunnskapsmiljøet, understrekar Borten Moe.

– Institusjonane skal framleis kunne rekruttere internasjonalt, og forskarane skal framleis kunne publisere på engelsk. Men vi må drive internasjonalisering på ein måte som kan sameinast med våre eigne, norske interesser, seier han.

Men rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, fryktar byråkrati og regelrytteri, og seier nei til språkkrav for utlendingar. Han er sterkt kritisk til handlingsplanen.

– Vi vil gjerne vere med og styrkje norsk fagspråk. Men det får vi ikkje til med byråkrati og firkanta regelverk, seier Stølen til Khrono.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...