Heim Nyhende Held fast på språkkrav for NRK

Held fast på språkkrav for NRK

Kulturministeren vil ha fleire uavhengige produksjonar land og strand rundt, og meir norsk musikk i NRK.

 

Dette går fram av den nye stortingsmeldinga «Open og opplyst» om allmennkringkasting og mediemangfald, som vart lagt fram fredag.

– Departementet vil understreka at NRK har eit viktig ansvar for å formidla nynorsk og meiner at språkpolitiske omsyn klart talar for at nynorskkravet på 25 prosent bør førast vidare. Departementet føreset at NRK arbeider med å styrkja nynorskdelen på radio, TV og Internett, heiter det i stortingsmeldinga.

Departementet meiner også at NRK har eit viktig ansvar for å tilby samisk innhald. Departementet har inntrykk av at NRK-tilbodet på samisk i dag er prega av at selskapet stadig utviklar tilbod for heile den samiske befolkninga. Ein forventar at NRK vil halda fram denne utviklinga og tilby innhald på alle dei tre samiske språka.

Endra krav til innhald
I stortingsmeldinga varslar Regjeringa at krava til norsk musikk på P1, P2 og P3 skal aukast frå 35 til 40 prosent. Eksterne produksjonar skal òg aukast til 40 prosent.

– Å nytta uavhengige produsentar land og strand rundt, er viktig for å stimulera mangfaldet og sikra nyskaping og verdiskaping, seier kulturministeren, som òg legg vekt på NRK sitt ansvar som kulturberar.

– Med si rekkevidde og sentrale rolle i folk sin mediekvardag, har NRK som offentleg finansiert allmennkringkastar eit særskilt ansvar for å fremje norsk musikk, og eit tilbod som går ut over det marknaden tilbyr, seier kulturminister Thorhild Widvey (H) i ei pressemelding.

NRK skal vidare tilby eit breitt innhald for barn og ungdom, sende religiøse program og spegle mangfaldet av livssyn og religion i Noreg. NRK skal òg fremje norsk kunst og kulturarv, reflektere det geografiske mangfaldet i distrikta, og ha eit godt regionalt og lokalt nærvær.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...