I 14 kommunar var det folkerøysting om samanslåing av kommunar måndag. Berre i to av dei sa veljarane ja.
Veljarane sa seg positive til samanslåing både i trøndelagskommunen Rissa og i Tjøme i Vestfold, skriv ABC Nyheter. I dei to kommunane sa høvesvis 35,7 og 36,1 prosent av dei som stemte, nei til samanslåing.
I Leksvik, som vurderer å slå seg saman med Rissa, var det dødt løp – 949 mot 949 stemmer.
I alle andre kommunar der det var folkerøysting om kommunesamanslåing – Herøy, Dønna, Leirfjord, Åseral, Re, Sande, Hjelmeland, Bø, Vang, Gran og Lunner – sa veljarane nei til samanslåing.
Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) meiner kommunesamanslåingane kjem til å komme uansett, men han vil ikkje bruke tvang.
– Kommunesamanslåingane kjem. Vi treng dei for å møte velferdsutfordringane, og vi ventar på at kommunane skal gi svar innan 1. juli 2016. Men eg er ikkje i tvil om at dei kjem, seier han til NRK.
– Men regjeringa har vore klar på at vi ikkje ønsker å bruke tvang, seier han vidare. (©NPK)