Heim Nyhende Inviterer til nynorsk barnelitterær formidlingsfest

Inviterer til nynorsk barnelitterær formidlingsfest

Feirar den nynorske barnelitteraturen ved Ålesund bibliotek med ein inspirerande og lærerik formidlingsfest. Tilstellinga vil vere retta spesielt mot dei som arbeider med barn og bøker.

 

– Målet er at dei som kjem skal få ei god oversikt over den nye, nynorske barnelitteraturen og forstå kor viktig det er at born får høyre og lese bøker på det skriftspråket dei sjølve skriv, seier prosjektleiar Liv Astrid Skåre Langnes i Ivar Aasen-tunet.

– Vi ønskjer å gi kunnskap om dei gode nynorske barnebøkene og inspirasjon til å bruke bøkene i undervising, leik og læring.

Foredragshaldarane har eit smittande engasjement og høg kompetanse om barns lesing av nynorske barnebøker. Biletbokskapar Kari Stai debuterte i 2008 med biletboka Jakob og Neikob og har seinare skrive og illustrert to bøker i same serien, som er omsett til fleire språk. I tillegg har ho skrive boka Blodrik og Blodfabrikken og dei populære peikebøkene om Mopp og Mikko.

Tidlegare forlagsdirektør Petra Helgesen i Mangschou, vil snakke om «Små barn, store kvalitetskrav», om litterære kvalitetskriterier i forteljingar for små barn. Dramalærar Hege Holmqvist ved Høgskulen i Volda viser korleis ein kan lese, fortelje og leike barnelitteratur. I tillegg vil Ragnfrid Trohaug frå Det Norske Samlaget fortelje om den nynorske barnelesaren.

Nynorsksenteret vil presentere nynorsk litteratur til bruk for ulike aldersgrupper, og Ivar Aasen-tunet vil presentere nynorske ressursar for barnehage og skule. Det blir både utstilling og sal av nynorske barnebøker.

Klart vi les!
Barnelitterær formidlingsfest er ein del av prosjektet Klart vi les! Nynorsk barnebokturné. Turneen tek til med besøk til skular og bibliotek i Giske, Spjelkavik og Sykkylven saman med forfattar og illustratør Kari Stai. Avslutninga blir ein bokfest for lærarar, barnehagelærarar og bibliotekarar ved Ålesund bibliotek.

Klart vi les! er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret, Møre og Romsdal fylkebibliotek og Aasentunet.

– Det er fjerde året vi samarbeider om dette prosjektet og vi er glade for at Klart vi les! no er etablert i Møre og Romsdal. Vi veit at ønsket om meir kunnskap om nynorsk barnelitteratur er til stades, og dette prosjektet blir ein naturleg samlingsstad for å møte dette behovet, avsluttar Langnes i ei pressemelding.

Seminardagen er inspirert av ei seminarrekkje som Landssamanslutninga av nynorskkommunar har vore med på å ta initiativ til i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland saman med Samlaget og Nynorsksenteret. 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...