Heim Nyhende Kåre Martin (22) vert landets yngste ordførar

Kåre Martin (22) vert landets yngste ordførar

Førstekandidaten til Tysnes Høgre vert etter alt å døma landets yngste ordførar.

 

22 år gamle Kåre Martin Kleppe var ein av Høgre sine åtte ordførarkandidatar under 26 år til årets val.

Høgremannen starta på lærarutdanning på Høgskulen Stord/Haugesund i august, men må no seie frå seg plassen for å smykka seg med ordførarkjedet, melder Tysnesbladet.

LES OGSÅ: Anri (20) vil bli ordførar

Eigedomsskatt og kommunesamanslåing
Torsdag kveld vart Høgre einige om samarbeid med Senterpartiet og Framstegspartiet på Tysnes.

Det betyr at den vesle øykommunen i Sunnhordland etter alt å døma får Noregs yngste ordførar.

– Det er veldig kjekt og eg må seia at eg er veldig stolt. Eg trur dette reflekterer litt av det som skjer på Tysnes for tida, der me er ein god ungdomsgjeng som kjempar engasjerer oss i lokalsamfunnet, seier Kleppe på telefon til Framtida.no.  

Trass i – òg kanskje litt på grunn av – alderen, trur Kleppe han vil gjera ein god jobb. Og 22-åringen kjenner seg klar for rolla og er innstilt på å motbevisa eventuelle skeptikarar.

– I starten kan det bli nokre utfordringar med at eg går inn i dette som så ung. Kanskje er det slik at ikkje alle ser på meg som ein naturleg autoritet, men eg har inntrykk av at det gjerne er enkeltindivid og at dei fleste er glade for at eg vert ordførar. Eg kan bidra med eit litt nytt syn. Sidan eg ikkje har vore med i kommunestyret ein gong startar eg med heilt blanke ark, sjølv om eg har fått god innsikt i sakene og har gode samarbeidspartnarar og eitt breitt nettverk av unge tysnesingar, seier Kleppe, som forventar å få ein spanande og utfordrande kvardag framover.

22-åringen tek over ordførarvervet etter Kjetil Hestad (Ap), som har over ordførar sidan 2011.

LES OGSÅ: 25-åring blir landets yngste ordførar

Ungt engasjement
I valkampinnspurten uttala Kleppe til Framtida.no at å senka eigedomsskatten og få betre næringsutvikling er saker han brenn særleg for.

– Eg trur òg ungdommen vil merka at eg har forståing for deira situasjon på øya og vil jobba for dei. Det går på å oppretthalda kulturtilbodet, eit godt kollektivtilbod og pendlartilbod, seier Kleppe.

Den nye ordføraren er oppteken av at ungdom engasjerer seg og har ambisjonar om å få ungdrådet til å verte eit meir aktivt politisk organ i komande periode.

– Dei kjem med gode råd og spørsmål og det som er viktig for ungdommen må jo òg vera viktig for politikarane, seier Kleppe, som er overtydd  om at ein treng ei god blanding av eldre og yngre i politikken. 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...