Heim Nyhende Maria Parr er hovudforfattar under Nordisk Bibliotekveke

Maria Parr er hovudforfattar under Nordisk Bibliotekveke

Over 2200 bibliotek og skular over heile Norden les Maria Parr denne veka. 

 

Det er klart for Nordisk bibliotekveke denne veka, og i år er temaet vennskap i Norden.

– Bibliotekveka skaper eit heilt spesielt fellesskap, når heile Norden og Baltikum samlast om å lesa den same litteraturen, seier Heidi Lønne Grønseth, skule- og bibliotekansvarleg i Foreningen Norden.

Nordisk bibliotekuke er eitt av verdas største høgtlesingsarrangement, og blir arrangert av Foreningen Norden.  

Boka for yngre barn er Vaffelhjarte av Maria Parr. Boka er omsett til alle dei største nordiske språka og totalt 27 språk.

– Boka er ei morosam og rørande fortelling om Lena og Trille sitt sterke, men sårbare vennskap. Maria Parr tar temaet og barn på alvor, seier Heidi Lønne Grønseth til Framtida.no.

Les intervju med Marjun Syderbø Kjelsnæs: – For å forstå denne ståstaden som heiter Norden

Boka for ungdom er Skriv i sanden av Marjun Syderbø Kjelnæs. Frå synsvinkelen til ti ungdommar skildrar forfattaren korleis vennskap og gode relasjonar til andre er viktig. Og at menneske ikkje alltid er slik dei først ser ut til å vera.

Les bokmelding: Universelt om ungdom

Høgtlesingsboka for vaksne er eit utdrag frå Islendingesogene, som blir sett på som det viktigaste bidraget til verdslitteraturen frå Norden. Trass i nøkternt språk blir sterke kjensler skildra og syn på lojalitet og slekt- og vennskapsband på 900- og 1100-talet. 

Les intervju med Maria Parr: – Alle barndommar er like viktige

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...