Heim Nyhende – Fylkesgrenser skal ikkje hindre samanslåingar

– Fylkesgrenser skal ikkje hindre samanslåingar

Fylkesgrenser skal ikkje stå i vegen for kommunar som vil slå seg saman, lova kommunalministeren då han måndag møtte ordførarane i Volda, Ørsta, Hornindal og Stryn.

 

Måndag møtte dei fire vestlandsordførarane kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) mellom anna for å få avklara kva som skjer dersom kommunar på kvar si side av ei fylkesgrense slår seg saman.

– Bakgrunnen i dette tilfellet er fylkesgrensene mellom Ørsta og Volda, Hornindal og Stryn, men det er også svært mange andre grenser, knytte til dømes til helseføretak, vegvesen og andre statlege og regionale ordningar. Vi var spente på korleis vi skulle takle dette, seier Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap).

Kan tape pengar

Beskjeden frå statsråden er at kommunane skal jobbe vidare med sine prosessar, og rette seg mot kommunaldepartementet for å få avklart slike problemstillingar når dei dukkar opp.

– Sanner presiserte at fylkesgrensene ikkje skal vere til hinder, seier Amdam.

Økonomi kom også opp som tema under møtet. Med forslaga til endringar i inntektssystemet for kommunane som Sanner har kome med, vil både Volda og dei fire kommunane samla kunne tape store summar, ifølgje Amdam.

– Volda kjem uheldig ut, og vil kunne tape åtte millionar i året. Samla kan dei fire kommunane tape opp mot tjue millionar i året, seier Volda-ordføraren.

Møte om reforma

I Stryn og Hornindal er det arbeidd med ein intensjonsavtale om samanslåing mellom dei to, men kommunane opnar òg for samarbeid med Volda og Ørsta.

Denne veka samlar kommunestyra i Ørsta og Volda seg til prosessmøte om kommunereforma, der ordførarane i Hornindal og Stryn også er inviterte. Volda-ordføraren er open for at ei eventuell samanslåing også kan gjelde nordfjordkommunane.

– Dette må sjølvsagt avgjerast i kommunestyret, men eg forventar at det vil kome ei avklaring i forhold til desse to kommunane etter fellesmøtet med Ørsta, og eg forventar også at ein vil starte drøftinga med Hornindal og Stryn ganske umiddelbart etter dette, uttaler han til NRK.no.

Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) held litt meir igjen.

– Vi har vedteke at vi skal greie ut eit samarbeid med Volda og eventuelt andre kommunar, men vi ser først og fremst på samarbeidet Volda/Ørsta og så får vi vurdere Hornindal og Stryn etter det, seier Aam til NRK. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...