Heim Nyhende – Hald på nynorsken, Møre og Romsdal!

– Hald på nynorsken, Møre og Romsdal!

Monica Molvær frå Høgre har gjort framlegg om at Møre og Romsdal fylkeskommune bør verte språknøytral for å spare pengar.

 

– Noregs Mållag vil oppmode fylkestinget i Møre og Romsdal om å halde fast på nynorsk som administrasjonsspråk, seier nestleiar Sigbjørn Hjelmbrekke.

– Det er viktig å ta vare på lokal språkleg identitet og eigenart. Nynorsk har gjennom hundre år gjeve folk språkleg sjølvtillit til å snakke eigen dialekt i alle samanhengar. Dette har også bydialektane i Møre og Romsdal nytt godt av, og det gjer dei framleis. Utan nynorsken ville det vore ugreitt å snakke dialekt i riksmedia.

Han meiner at fylkeskommunen er ein særs viktig skriftspråkprodusent, og det fylkeskommunale språket er viktig for statusen og situasjonen til nynorsk i Møre og Romsdal.

– Vi veit at der nynorsk er lite brukt, der hamnar han fort under press. Der nynorsk er mykje brukt, der veks han. I store delar av fylket dominerer nynorsk som skulemål, og nynorsk aukar også som bruksspråk i næringslivet. Dette bør fylkeskommunen inspirere til at skal halde fram. Nynorsken er under eit konstant press frå bokmålet som dominerer nasjonalt, og regionale styresmakter bør ha og ta eit kulturelt ansvar for mindretalsspråket, seier Hjelmbrekke.

Han har ingen tru på at det er så mykje pengar å hente.

– Utgangspunktet til Molvær er at fylkesadministrasjonen skal sleppe å bruke tid på språkvask og korrektur. Heller ikkje frå eit bokmålsperspektiv er dette eit godt utgangspunkt for å gå vekk frå nynorsk. Skrivefeil og dårleg språk dukkar opp i alle språk, og det må i alle tilfelle vere rutinar for å luke vekk slikt i alle viktige dokument. Tvert om kan det vere ein styrke for byråkratiet å leggje inn ekstra krav til seg sjølve om å bruke eit godt og klart språk, seier Hjelmbrekke.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...