Heim Nyhende Semje om tidsplan for ny vestlandsregion

Semje om tidsplan for ny vestlandsregion

Fylkeskommunane Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ønskjer ein oppgåvestyrt regionprosess. No tek dei til på arbeidet med ein intensjonsplan.

 

Fylkestinga både i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har tidlegare gjort vedtak der dei ønskjer å greie ut moglegheitene for ein utvida region. Denne veka møttest fylkesordførarar, fylkesvaraordførarar og fylkesrådmenn frå dei tre vestlandsfylka til «naboprat», der framdrifta for det vidare arbeidet med ein intensjonsplan blei bestemt.

Vedtak i desember?

– Det er no lagt opp til at fylkesting og fylkesutval i dei tre fylka før sommaren får lagt fram ei statussak der ein godkjenner hovudstrukturen i ein intensjonsavtale, og forhandlingsmandat. Fylkestinga får så intensjonsavtalen til godkjenning i oktober, med eventuelt vedtak om samanslåing i desember 2016, fortel ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Dei tre vestlandsfylka ønskjer ein oppgåvestyrt regionprosess og fylkesordførarane har tidlegare sendt brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet med krav om overføring av fleire statlege oppgåver til ein eventull storregion på Vestlandet.

Utfordringar

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) legg i april fram ei regionalmelding med gjennomgang av oppgåvene til fylkeskommunane, med tanke på samanslåing til større regionar.

Nettopp ei for «tynn» oppgåvemelding blei peikt på som ei mogleg utfordring i presentasjonen til Sogn og Fjordane fylkeskommune under nabomøtet. Eit høgt tempo i prosessen, mogleg sentralisering og maktforskyving mot Bergen og demokratiske konsekvensar som mindre nærleik mellom veljar og folkevald, var mellom dei andre faktorane som blei peikt på som moglege utfordringar undervegs. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...