Heim Nyhende Skodje går inn i LNK igjen

Skodje går inn i LNK igjen

 

Samrøystes kommunestyre gjekk inn for å melda Skodje inn i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

 

– Eg trur det var ei forgløyming i ein sparerunde som gjorde at me i si tid melde oss ut, seier Skodje-ordførar Dag Olav Tennfjord (H).

Han gir æra til forslagsstillar Venstre og leiar i det lokale mållaget Arnstein Sætre for at kommunen på nytt melder seg inn i LNK.

Tennfjord (bildet) er oppvaksen med nynorsk i nynorskkommunen Skodje. Han har bakgrunn frå næringslivet der han har registrert at det er mykje bokmålsbruk, sjølv på Sunnmøre.

– For meg er nynorsken nærmare daglegtalen, og kjem raskare på tunga, seier han.

Tøffe kutt

Kommunen har vore gjennom ein tøff sparerunde dei siste åra, og kutta ti årsverk på kommunehuset, ifølgje Skodje-ordføraren.

Kommunen gjekk med overskot i fjor etter ein ekstra god skatteinngang, og budsjetterer med overskot i år også.

Går for samanslåing

19. mai er det folkerøysting i kommunen om samanslåing. Innbyggjarane får to alternativ: anten ein storkommune på Sunnmøre eller ei samanslåing med Aurskog, Stordal og Norddal. Namnet på den kommunen kan bli Storfjord kommune, etter Storfjorden som dei ligg langs.

Begge alternativa blir nynorskkommunar.

LES SAKA: Blir Ålesund nynorskby?

Skodje er ein pendlarkommune og har opplevd kraftig vekst dei siste åra. 1. januar var det 4620 innbyggjarar i kommunen, 982 fleire enn for ti år sidan.

– Me har fleire sysselsette i andre kommunar enn i eigen kommune. 36 prosent av alle sysselsette jobbar i Ålesund, og mange jobbar òg i Haram, fortel Skodje-ordførar Dag Olav Tennfjord.

Skodjebruene. Foto: Frode Inge Helland/CC BY 2.5-lisens

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...