Heim Nyhende Jobbar meir effektivt på nynorsk med Nyno

Jobbar meir effektivt på nynorsk med Nyno

 

Personalsjef i Valle kommune meiner nynorsk programvare kan hjelpe til med rekrutteringa i distriktskommunar.

 

Øyvind Olsen er sjølv opprinneleg bokmålsbrukar, men i jobben som personalsjef i nynorske Valle kommune rettar han seg til administrasjonsmålet.

Han får god hjelp av Nyno profesjonell 3.3 – eit program for å omsette tekstar frå bokmål til nynorsk. Det blir mykje brukt i statleg forvaltning, og over halvparten av departementa og mange av universiteta har lisens for alle tilsette.  Microsoft brukte også Nyno til å omsetja Office2003 til nynorsk.

– Eg bruker Nyno profesjonell til å omsetje frå bokmål til nynorsk. Nyno kjem då opp med forslag til ord på nynorsk for ord på bokmål samt forslag til endring i setningar når det kjem til s-genitiv, så læreeffekten er også veldig fin.

– På kva måte er produkta nyttige for Valle kommune?

– Med Nyno vil dei som ikkje har nynorsk som hovudmål kunne jobbe meir effektivt på nynorsk. Nyno vil kanskje også føre til at vi får fleire kvalifiserte søkjarar til stillingar som elles ville vegra seg for å jobbe med nynorsk som arbeidsspråk.

– Eg vil tilrår Nyno til alle som jobbar på nynorsk utan å ha nynorsk som hovudmål.

Ei av dei sterke sidene ved programmet er språkmalane, som gir høve til å velje kva slags nynorsk ein vil skrive, for eksempel i samsvar med vedteken målbruksplan. Meir informasjon på www.nynodata.no/nyno.

Nynodata tilbyr no alle kommunar som er medlemmer i LNK gratis bruk av programvare ut april 2017. Meir informasjon på www.nynodata.no. Kontakt Nynodata for lisens, salg@nynodata.no, eller telefon 35 95 01 50.

LES MEIR: Tilbyr gratis bruk av nynorsk programvare for nynorskkommunar

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...