Heim Nyhende Flest sa nei til samanslåing

Flest sa nei til samanslåing

Innbyggjarane i 47 kommunar stemte måndag over om dei vil slå seg saman med nabokommunane. Så langt er det berre fleirtal for samanslåing i ti kommunar.

 

I 35 kommunar har fleirtalet stemt mot samanslåing, mens resultatet frå to av kommunane enno ikkje er klart.

Fleire stadar i landet samla innbyggjarar seg for å feire resultata.

– Vi skal feire til det lysnar av dag, men ikkje hovere, seier Odd Arne Brekstad og Mikal Tyskø til Fosna-Folket. Dei er del av ein gjeng samanslåingsmotstandarar som samla seg på utestaden BarRock etter at det vart klart at folket i Ørland sa nei til å slå seg saman med nabokommunen Bjugn.

Naboane i Bjugn – som i 2014 sa nei til å slå seg saman med Ørland – stemte måndag for ei samanslåing.

Nei til storkommune i Rogaland

I forkant av supermåndagen var det særleg knytt stor spenning til resultata frå Sandnes, Stavanger og Sola, der innbyggjarane skulle ta stilling til om dei vil gå saman om den nye storkommunen Nord-Jæren.

Denne planen verkar no mindre sannsynleg etter at Stavanger stemte ja, men Sola og Sandnes stemte nei. I Stavanger er dei skuffa over at nabokommunane sa nei, og ordførar Christine Sagen Helgø (H) rettar no blikket nordover.

– Vi kjem til å jobbe vidare med dei som vil snakke med oss, altså Finnøy og Rennesøy, seier ho til NRK. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...