Heim Nyhende Bokbyen i Fjærland jubilerer

Bokbyen i Fjærland jubilerer

Den norske bokbyen i Fjærland er 20 år i år.

Bokbyen i sognebygda vart opna i 1996 av dåverande kulturminister Åse Kleveland. Bokbyen utvikla seg raskt til å bli ein turistattraksjon, og det norske språket fekk eit nytt ord.

Gamle bokskattar

Definisjonen på ein bokby er at det er ein liten by eller ei bygd der det er samla mange bokutsal på eit lite område. I Fjærland har ein 10 utsal på 300 meter, til saman om lag 150.000 brukte bøker. Antikvariske bøker og samleobjekt frå mange generasjonar er å få tak i. Ein finn òg ganske vanlege bøker.

Skape liv i bygda

Bokbyen vart starta for å gje ny aktivitet og sikra eksisterande arbeidsplassar i Fjærland. Ideen vart henta frå Hay-on-Wye i Wales. Tanken var ganske ukjent, det fanst berre sju bokbyar i Europa før Den norske bokbyen vart etablert ved Sognefjorden.

Seinare har også Bokbyen ved Skagerrak i Tvedestrand kome til. Frankrike, Tyskland, Skottland, England, Sverige, Portugal og Australia har fått sine bokbyar.

Feiring i boknatta

Sjølve jubileumsarrangementet i Fjærland er lagt til Boknatta 25. juni. Det blir både kanapear og sprudlevatn, men også mange kulturelle innslag. Mellom attraksjonane er Ove Røsbak og Henning Sommerro. Dei skal opptre saman i Fjærland kyrkje med tekstar av Hans Børli, Alf Prøysen, Edvard Hoem og Røsbak. Hilde Kvalvaag og Brynjulf Jung Tjønn samtalar om det å reisa, mentalt og fysisk. I tillegg kjem mellom anna Ragnar Hovland og Tove Bakke. (©NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...