Heim Nyhende Sogn og Fjordane mistar 1200 innbyggjarar

Sogn og Fjordane mistar 1200 innbyggjarar

Kommunestyret i Hornindal har sagt ja til å slå seg saman med Volda kommune. Grensekommunen byter dermed fylke frå Sogn og Fjordane til Møre og Romsdal.

Mot Sp sine seks røyster gjekk Høgre, Ap og Venstre torsdag kveld inn for å droppe alternativet å slå seg saman med Stryn og heller velje Volda, skriv NRK.

Ei innbyggjarundersøking viste klart fleirtal for ei storkommune med både Stryn, Hornindal og Volda, men Stryn ville ikkje slå seg saman med Volda. Innbyggjarane i Hornindal var i undersøkinga heilt delte i synet mellom kva for eit samanslåingsalternativ som var best, Stryn eller Volda.

– Sjølv eg som den mest innbarka honndalspatriot ser at brura må gifte seg no før ho blir for gammal. Vi må ta eit val, og vi må vekte for og i mot, sa Eldar Englund frå Sp på talarstolen. Han meinte at Hornindal var best tent med å slå seg saman med Stryn, men måtte gi tapt for fleirtalet.

Kommunestyret i Volda vedtok tidlegare i veka at dei ønskjer å slå seg saman med Hornindal. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...