Heim Nyhende Her er dei dyraste og billegaste kommunane

Her er dei dyraste og billegaste kommunane

15739 kroner i forskjell mellom dyraste og billegaste kommune.

– Sjølv om vi ser store endringar elles på lista, har toppen og botnen vore stabil i fire år no. Sola kommune tronar som vanleg øvst og er dermed den billegaste kommunen å bu i, medan Gjemnes igjen må ta til takka med botnplasseringa, seier Reidd Krohn-Pettersen som er sjeføkonom i Norsk Familieøkonomi i ei pressemelding.

Lista er basert på tal frå Statistisk sentralbyrå, og ser på kor mykje ein gjennomsnittleg husstand betalar i avgift på vatn, avløp, renovasjon, feiing og eventuelt eigedomsskatt. I Sola kommune utgjer desse avgiftene 5 269 kroner, medan folk i Gjemnes må betala 21 008 kroner for dei same tenestene (inkluderer òg 6 300 kroner i eigedomsskatt).

Medan vi tidlegare har sett fleire byar kjempa i toppen, er det no berre Sandnes og Sandefjord som er inne blant dei ti beste. Elles finn vi Oslo på 29. plass, medan Stavanger er på 51. plass, Trondheim på 68. plass og Kristiansand på 245. plass. Bergen har rasa frå ein heiderleg 14. plass til ein 276. plass (av 406 kommunar). Grunnen til dette er innføringa av eigedomsskatt, noko som i dette oversynet gjer at totalsummen aukar med 7 325 kroner.

Sjå heile liste på Framtida.no!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...