Heim Nyhende Medaasprisen til Moldestad

Medaasprisen til Moldestad

Folkemusikar Sigrid Moldestad får Medaasprisen 2016.

Sigrid Moldestad har sidan solodebuten i 2007, vore ei lysande stjerne på den musikalske himmelen. Ho har sine røter i folkemusikken og skriv på nynorsk og syng på si eiga dialekt.

– Som artist meistrar ho kombinasjonen av å vere ei sterk scene- og historieformidlar av både tradisjonelt og nyskapande materiale, seier leiar i Medaaspriskomiteen, Claus Sellevoll i ei pressemelding.

Han legg til at han er svært glad over å dela ut Medaasprisen til ein artist med fokus på dialekt, røter og tradisjonar, og som formidlar dette på ein unik måte.

Prisløna «taus»

Moldestad har frå før motteke Spellemansprisen to gongar, først med trioen Gamaltnymalt i 2005 og så med TAUS i 2007. I 2010 vart ho tildelt Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane og kåra til «Årets Folkemusiker». Det same året tok ho i mot Folkelarmprisen, før ho i 2012 fekk «Vossajazzprisen og Hilmar Alexandersens musikkpris.I tillegg har ho mellom anna vore med i gruppa Spindel, kabaret-trioen Fjøgl og duoen Lareli med Gabriel Fliflet.«Med si særeigne stemme og sitt kraftfulle felespel er Sigrid Moldestad blitt ei av våre kjæraste folkemusikarar», heiter det i grunngjevinga til juryen.

Feirar folkemusikken

Sigrid Moldestad vert tildelt Medaasprisen på Den Nationale Scene i Bergen måndag 24. oktober, og Sellevoll lovar ein festkonsert av dei sjeldne.

– Moldestad skal mellom anna dela scene med Helge Jordal, Finn Tokvam, Mads Eriksen, Odd Erik Lothe og ei gruppe frå Fargespill, fortel Sellevoll. Han skal sjølv stå på scena saman med gjengen i Singel & Sand, som er haustsatsinga til Hordaland Teater. Torkjell Børsheim frå dansegruppa Frikar byr på dans til tonane frå Sigrid Moldestad si fele, og det er duka for ein festkveld med folkemusikken i høgsetet. Til å leia det heile er som vanleg Dag Lindebjerg på plass som konferansier.

Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar, som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Prisen vert delt ut under Medaaspriskonserten på Den Nationale Scene måndag 24. oktober 2016.

Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 20.000 kroner.

I fjor blei Herborg Kråkevik og Jon Eikemo tildelt prisen.

FAKTA OM SIGRID MOLDESTAD:

Sigrid Moldestad er født 19. juli 1972 på Breim i Gloppen kommune. Ho er ein norsk folkemusikar og songar som spelar fele og hardingfele, og som er utdanna ved Ole Bull Akademiet på Voss. Årets prisvinnar er ikkje berre ein framifrå tolkar og formidlar av folkemusikken, men ho har også som komponist eit heilt spesielt øyre for gode melodiar, noko som kler dei sterke tekstane i hennar utval. Med sitt eige originale uttrykk maktar Sigrid Moldestad å sy saman fleire musikalske sjangrar, som folkemusikk, pop, bluegrass og visesong til ein heilskap.

Sigrid Moldestad har sine røter i folkemusikken og skriv på nynorsk og syng på si eiga dialekt. Som artist meistrar ho kombinasjonen av å vere ei sterk scene- og historieformidlar av både tradisjonelt og nyskapande materiale. Med si særeigne stemme og kraftfulle felespel er Sigrid Moldestad blitt ei våre mest kjente og kjæraste folkemusikarar.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...