Heim Nyhende God framdrift i forhandlingane om ein ny Vestlandsregion

God framdrift i forhandlingane om ein ny Vestlandsregion

Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane diskuterte målet for etablering, utvikling av tenester og oppgåver, økonomi og omstillingsavtale for tilsette.

– Vi er nøgde med forhandlingane så langt. Klimaet mellom partane er positivt og godt. Det er krevjande, men vi oppfattar at alle er konstruktive, rause, og opptatt av å finne gode løysingar til det beste for innbyggarane våre. Vi er sikre på at vi skal greie å jobbe fram eit godt avgjerslegrunnlag som kan leggje fundamentet for ein Vestlandsregion, seier dei tre fylkesordførarane Anne Gine Hestetun, Solveig Ege Tengesdal og Jenny Følling.

Samde om måla

Forhandlingsutvalet er samd om måla for etablering. Det gjenstår mindre justeringar før denne delen av intensjonsplanen er klar.

Forhandlingsutvalet har bedt om fleire analysar knytt til dei resterande tema, mellom anna for å sjå på moglege gevinstar og konsekvensar av ulike avgjersler knytt til disse momenta. Dette gjeld mellom anna økonomi, omstillingsavtale for tilsette og tenester og oppgåver i ein ny region. Forhandlingsutvalet diskuterte og etablering av fellesnemnd. Fellesnemnda får ansvar for det førebuande arbeidet med etableringa av ein ny region.

På veg

– Det er ein omfattande og viktig prosess som er i gong. På det noverande tidspunkt er det korkje mogeleg eller ønskjeleg å gå i detaljar. Det er for tidleg i prosessen, og i respekt for arbeidet som no pågår. Det ber vi om forståing for, men vi er på veg mot noko, seier dei tre fylkesordførarane.
Forhandlingane skal leie fram til ein felles intensjonsplan. Denne vil danne grunnlaget for etablering av ein ny Vestlandsregion samansett av fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Intensjonsplanen blir lagt fram til behandling i dei tre fylkestinga i oktober. I desember behandlar dei tre fylkestinga etableringa av ein ny region.

Held fram på Sola og i Førde

Forhandlingane held fram 1. og 2. september på Sola Strand hotell i Rogaland. Forhandlingane blir avslutta i Førde 14. og 15. september med mål om å bli samde om ein endeleg intensjonsplan.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...