Heim Nyhende Rekordmange les Framtida.no

Rekordmange les Framtida.no

Den nynorske nyhende- og debattavisa for unge hadde i 2016 over 475.000 brukarar innom nettsidene sine. Det er ein auke på 85.000 samanlikna med i 2015 – og ny rekord.

I snitt var 12.400 brukarar innom Framtida.no kvar veke – ein auke på 1600 frå året før.

Mobiltrafikken har auka med 87 prosent.

– Dette er svært gledelege tal, og viser at me lagar journalistikk som blir lagt merke til, seier redaktør Svein Olav B. Langåker.

I løpet av vinteren vil Framtida.no skifta publiseringssystem, og koma med ny design på nettsidene som fungerer endå betre på mobil og viser fram meir av innhaldet.

Fleire journalistar

Nettavisa for unge har kontor på Stord og i Oslo, og har no fem journalistar i redaksjonen.

I 2016 publiserte Framtida.no over 2100 artiklar. Den mest lesne artiklar er så langt lese over 34.000 goner.

– Ein aukande del av artiklane våre er eigenproduserte. Me har òg hatt ein auke i debatt- og kommentarartiklar. Meiningsstoffet er eit satsingsområde for oss. Dette blir òg mykje lese, fortel Langåker.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar og ABC Startsiden står bak Framtida.no. Nettavisa samarbeider med 20 lokalaviser og fleire andre aviser.

LES OGSÅ: Her er dei mest populære sakene i 2016

Elevar frå Kvinnherad vidaregåande på ein open Me snakkast-debatt i Kvinnherad bibliotek februar 2016 om integrering i regi av biblioteka i Sunnhordland og Framtida.no.

Debattprosjekt og arrangement
Til liks med fleire andre medium blir arrangement eit nytt bein å stå på for Framtida.no.

I 2014 og 2015 samarbeidde Framtida.no med åtte bibliotek, seks skular og to ungdomsråd i Sunnhordland om debattprosjektet Me snakkast. Over 450 ungdommar deltok på debattkurs, og kring 1000 deltok på tolv opne debattar. Debattsamarbeidet har heldt fram i 2016, og Framtida.no vore med på å arrangera fem debattkurs med vel 200 elevar i tre kommunar.

Då Nasjonal bibliotekstrategi blei lagt fram hausten 2015, var debattprosjektet eitt av tre prosjekt for ungdom som blei trekt fram som gode døme. Debattmodellen vår har no blitt ein modell som fleire ønskjer å kopiera, og me planlegg fleire debattkurs og debattar i året som kjem.

Framtida.no har òg bidrege som debattleiar i fleire debattar om kommunereforma, leia ein samtale om Riksteateret si førestilling Samfunnets støtter og vore med som intervjuar i ein turné til fem bibliotek om Syria og flyktningsituasjonen.

Les meir i den redaksjonelle rapporten til Framtida.no!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...