Heim Nyhende Rasar mot TV2 etter teksting av Lothepus

Rasar mot TV2 etter teksting av Lothepus

Målungdommen meiner TV2 diskriminerer hardangerdialekta.

«Kjendis-Farmen» er sett saman av 12 deltakarar, alle med kvar sine dialektar frå fleire stader i landet. Likevel er det berre Leif-Einar Lothe som er teksta i programmet.

Fleire sjåarar har uttrykt frustrasjonen sin rundt tekstinga av «Lothepus» gjennom sosiale medium.

– Vi meiner TV 2 her viser språkhaldningar som eit av landets største mediehus burde halde seg for gode for. Ved å teksta berre éi spesifikk dialekt set ein nokre dialektar over andre, der nokre er «normalen» samanlikna med dei andre. Ikkje greitt! skriv Norsk Målungdom i ei Facebook-melding.

LES OGSÅ: Fleire skriv dialekt

TV: – Me tar omsyn
Presseansvarlig for «Kjendis-Farmen», Alex Iversen, fortel dette til Dagbladet om kvifor TV 2 har valt å teksta berre éin av deltakarane.

– Det er nokre sjåarar, spesielt i det sentrale austlandsområdet, som har litt vanskeleg for å forstå kva folk frå enkelte delar av landet seier når dei snakkar dialekt. Det har me tatt omsyn til det når det gjeld Leif Einar Lothe, svarar Iversen.

LES OGSÅ: Bruk av dialekt minst akseptert i Oslo

Målungdommen: – Mangel på kunnskap
Målungdommen er ikkje nøgd med svaret:

– Me meiner dette vitnar om både særs låge forventingar til eigne sjåarar, og mangel på kunnskap om språk. Difor seier me: Tekst alle eller ingen! skriv Målungdommen.

Synnøve Marie Sætre, leiar i Norsk Målungdom, seier til Framtida.no at det ikkje handlar om evne til forstå dialekta, men heller om manglande vilje til å forstå.

LES OGSÅ: Dette er landets verste dialekt

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...