Om du byter ut dialekten di og språket ditt i møte med andre, då har du gløymt kvar du er ifrå, meiner landbruksminister Jon Georg Dale.
På heimebane og med brei Dalsfjorddialekt opna landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) Dei nynorske festspela 2017 i Ørsta torsdag kveld. Identitet, språk og truverd var tema han tok opp i talen under opningshøgtida.
– Det å ha ein klar profil, og nytte språket som ein klar identitetsskapar betyr sjølvsagt mykje for meg som politikar. Om du er frå ein gard frå inst inn i Dalsfjorden på Sunnmøre – ja då har du brei dialekt og då nyttar du nynorsk. Slik er det berre. Om det var eg som var veljaren, og politikaren eg skulle stemme på hadde bytt ut språket sitt, hadde det vore vanskelegare å ta den personen seriøst. Om du byter ut dialekten di og språket ditt i møte med andre, då har du gløymt kvar du er ifrå, meiner landbruksminister Jon Georg Dale.
Meir bevisst nynorsk då han brukte bokmål
Og det var akkurat då han sjølv ikkje brukte språket sitt, at han tok standpunktet om å bruke nynorsk då han sjølv blei statsråd. Gjennom å jobbe under andre der bokmål var naturleg å bruke i jobbsamanheng, vart han meir bevisst sitt eige språk. Og frå dag ein som statsråd vart det slik sjølvsagt at han skulle nytte nynorsk som arbeidsspråket sitt.
– Eg trur eg er den einaste landbruksministeren på over 50 år som har nytta nynorsk som arbeidsspråk. For meg var det sjølvsagt at det skulle vere slik, fortalde han i opningstalen. Men i eige departement er det ikkje berre han som brukar nynorsk. Han er også kjend for å ha sendt eigen stab på nynorskkurs.
– Når eg høyrer dei som byter ut språket sitt i møte med andre, tenkjer eg at det er veldig jålete på eit vis. Og då mister du ditt eige særpreg.
– Dialekt er identitet
At han har brukt nynorsk som skriftspråk og dialekten sin i møte med veljarane strategisk, vil han ikkje ha på seg. Men at han har hatt mykje igjen for å gjere nettopp det, svarar han eit klart ja til.
– Det er klart at det hjelper å snakke dialekt, å vise eigen identitet i møte med bønder på bygda over heile landet. Og det er klart det kjem godt med å ha ein sterk dialekt som vitnar om at du kjem frå ei lita bygd, når du diskuterer kommunepolitikk, innrømde han under opningstalen.