Heim Nyhende Marit Eikemo tildelt Amalie Skram-prisen

Marit Eikemo tildelt Amalie Skram-prisen

Prisen blir delt ut på Amalie Skrams fødselsdag, 22. august, og skal gå til «ein kvinneleg, skjønnlitterær forfattar som skriv i Amalie Skrams ånd».

 

– Som Amalie Skram er Marit Eikemo ein sanningssøkjande forfattar. Som Skram, er Eikemo opptatt av kva som styrer dei vala menneska tar, kvifor vi handlar som vi gjer, kvifor vi ikkje vel å handle annleis. Som Skram, vil ho forstå, men ikkje stille seg til dommar, for dei som verkeleg forstår, kan ikkje dømme. Eikemo skriv med stor empati og audmjukskap, står det i grunngjevinga til juryen.

46 år gamle Eikemo debuterte som skjønnlitterær forfattar med romanen «Mellom oss sagt» i 2006. Sidan har ho blant anna gitt ut «Arbeid går føre seg» og «Samtale ventar», som ho fekk Nynorsk litteraturpris for i 2011.

Det er Amalie Skram-selskapet som deler ut prisen.

I fjor blei prisen tildelt Helga Flatland.

FÅ OGSÅ MED DEG: Ny Maria Parr-bok gjer det stort i utlandet

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...