Heim Nyhende Programleiarane i P3morgen får dialektpris

Programleiarane i P3morgen får dialektpris

Norsk Målungdom gir Dialektprisen 2017 Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby.

– Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby kjem frå kvar sin del av landet, og syner kvar morgon fram det norske dialektmangfaldet. Som programleiarar på eit av dei mest populære radioprogramma i Noreg, gjer dei dialektmangfaldet til ein del av kvardagen til fleire hundretusen unge lyttarar. Det seier leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope.

– P3morgen er ein viktig del av morgonen for mange lyttarar. Både Silje, Markus og Ronny framstår som trygge dialektbrukarar, og bidreg med det til å gjere dialektskilnader kvardagsleg og sjølvsagt, seier Hope.

–  Berre med å snakka saman, le saman og gjere jobben sin saman syner vinnarane fram at dialektmangfald fungerer, at dei ulike dialektene er like mykje verd og gjer det lettare for andre å bruke si dialekt. Litt lettare for kvar morgon, understrekte Hope i tala si.

Prisvinnarane

Ronny Brede Aase (f. 1986) kjem frå Førde, Silje Therese Reiten Nordnes (f. 1984) kjem frå Hamarøy og Markus Ekrem Neby (f. 1991) kjem frå Oslo. Dei tre programleiarane saman styrt programmet P3Morgen sidan 2014, og programmet har vunne fleire prisar for godt språk og god formidling. Attåt lyttarane på radio, har P3Morgen har store fylgarskarar på sosiale medium. Der nyttar dei òg dialektar munnleg, og både nynorsk og bokmål skrifteleg. Programmet P3Morgen starta opp i 2003.

– Det er veldig kjekt å bli verdsett for noko som for oss er så utruleg logisk og sjølvsagt at det nesten er slik at me gløymer at det faktisk er eit poeng her. Og det er jo dit me skal kome, det er dit me er på veg.

Prisen

Dialektprisen vart utdelt for fyrste gong i 2001, og vert delt ut årvis av landsstyret i Norsk Målungdom. Det er den einaste språkprisen som vert delt ut av språkengasjerte ungdomar, noko som også bidreg til at han er ein av dei mest prestisjetunge. Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som Therese Johaug, Linda Eide og Daniel Kvammen.

Les meir om tidlegare vinnarar av Dialektprisen her!

Utdelinga

Prisen vart overrekt i Bikuben på Det Norske Teatret fredag kveld. Det var leiar Fredrik Hope som delte ut prisen på vegner av landsstyret i Norsk Målungdom.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...