Nasjonalbiblioteket tildeler 14 millionar kroner til arenautvikling i norske folkebibliotek i 2018. Til saman 142 ulike tiltak frå alle delar av landet har fått stønad.
– Gjennom Nasjonal bibliotekstrategi vil vi satse på å utvikle folkebiblioteka som møteplassar, kulturinstitusjonar og arenaer for samtale og debatt, læring og demokrati. Det er imponerande å sjå alt ein har fått til av arenautvikling i folkebibliotek over heile landet. Vi ser allereie fantastiske resultat i form av rekordbesøk og eit høgt aktivitetsnivå, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.
Dette er tredje gongen sidan den nasjonale bibliotekstrategien blei innførd, at det løyvast arenamiddel til biblioteka. No byrjar ein å sjå verknadane av tilskota.
– Vi opplever ei tydeleg nivåheving når det gjeld arrangement i biblioteka, med ein sterk auke i mengda arrangement og meir profesjonelt utforma arrangementsseriar. Dette ser vi som eit teikn på at biblioteka utviklar seg i tråd med målet i bibliotekstrategien, seier avdelingsdirektør Svein Arne Tinnesand ved Nasjonalbiblioteket.
Sidan 2014 har Nasjonalbiblioteket tildelt over 70 millionar kroner til utvikling av folkebiblioteka. Meir enn to tredelar av kommunane i landet – til saman 335 – har motteke middel i løpet av desse åra.
I februar 2018 blir det nye tildelingar, då til utviklingsprosjekt i biblioteka.