Heim Nyhende Slik blir språkpolitikken til den nye regjeringa

Slik blir språkpolitikken til den nye regjeringa

Høgre, Framstegspartiet og Venstre er blitt samde om å danna ei ny regjering saman. Under ei pressekonferanse på Hotell Jeløya Radio utanfor Moss presenterte dei i dag politikken dei vil føra dei neste åra.

 

Språkpolitikken er eitt område der Venstre har vore usamde med Høgre og Frp. Fasiten viser at den nye regjeringa ikkje inneber veldig store endringar på dette feltet:

Høgre og Frp har ikkje fått med seg Venstre på å fjerna karakteren i sidemål eller å gjera sidemålsundervisninga valfri, men Venstre har heller ikkje fått fullt gjennomslag for sine krav om tidlegare start med sidemål, meir bruk av nynorsk i andre fag enn norsk og styrka nynorskdidaktikk i lærarutdanninga, for å nemna noko.

Vage formuleringar

Fleire av punkta som Venstre har fått inn i plattformen, som å fremja forslag om ei ny, heilskapleg språklov og å vurdera tiltak for å styrka hovud- og sidemålsopplæringa for tidlege alderstrinn, er vagt og uforpliktande formulert. Korleis dette vil bli i praksis, vil mellom anna kunna avhenga av om Venstre får kulturministeren og/eller kunnskapsministeren i den nye regjeringa.

– Det er svært bra at regjeringa vil styrkja opplæringa i både hovudmål og sidemål for dei yngre stega. Formuleringa er likevel svært open, og no kviler det eit stort ansvar på regjeringa for at dette blir omsett i praktisk politikk som gjev meir språkleg rettferd, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

– Den nye regjeringsplattforma gjer det viktig for nynorskbrukarane kven som blir kuturminister, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Grepstad understrekar at det trengst ein minister som «konkretiserer tamme formuleringar» og får gjennomslag i regjeringa.

Ja til digitale ordbøker, nei til dubbing

Eitt av dei nye og nokså konkrete punkta er at regjeringa vil arbeida mot dubbing av skandinaviske filmar og seriar som blir sende på norsk tv. Dette vart seinast debattert før jul i fjor, då NRK sende den svenske serien «Emblas saga» med norsk tale.

Eit anna punkt er å «jobba vidare med digitalisering av dei store ordbokprosjekta». Norsk Ordbok, ei omfattande ordbok over nynorsk og det norske talemål, er i dag berre digitalisert frå i til å, og manglar midlar til å digitalisera resten av ordboka.

Plattformen inneheld også formuleringar om at samisk og kvensk skal sikrast gode vilkår. Det planlagde sørsamiske kultursenteret Saemien Sitje er mellom anna lova støtte til ferdigstilling.

Her er dei viktigaste punkta i språkpolitikken den nye regjeringa skal føra:

  • Fremja forslag om ei ny, heilskapleg språklov, som vidarefører prinsippa i dagens lovverk knytt til sidestilte målformer og minoritetsspråk.
  • Vurdera tiltak for å styrka hovud- og sidemålsopplæringa for tidlege alderstrinn, samt opna for lokale forsøk.
  • Sikra fellesnordisk språkforståing ved å arbeida for at film og fjernsyn blir sendt teksta, ikkje dubba, når programmet er statleg finansiert eller støtta.
  • Styrka språkopplæringa i barnehagane.
  • Stilla nasjonale krav til tilfredsstillande norskkunnskap der det er naudsynt av omsyn til helse, tryggleik og kvalitet i tilbodet, herunder i helsesektoren og i barnehagar. Kommunane må som arbeidsgivar sikra at tilsette har naudsynt språkkunnskap for å ivareta sine oppgåver, til dømes gjennom kompetansehevande tiltak.
  • Leggja fram og følgja opp Målretta plan for kvensk språk.
  • Leggja fram ei ny stortingsmelding om politikk og tiltak overfor nasjonale minoritetar i løpet av perioden.
  • Forsterka innsatsen for klart språk i forvaltninga sin kommunikasjon med innbyggjarane.
  • Jobba vidare med digitalisering av dei store ordbokprosjekta.

Heile regjeringsplattformen finn du her (pdf).

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...