Heim Nyhende Kjell Ove Nordeide overtek som leiar på Nynorsk avissenter

Kjell Ove Nordeide overtek som leiar på Nynorsk avissenter

 

For første gong er det berre unge menn i Nynorsk avissenter. Kjell Ove Nordeide overtek som ny leiar for journalistopplæringa i Førde.

 

Det tiande kullet med nynorskpraktikantar starta opplæringa i Nynorsk avissenter på nyåret, med Firda Media som vertsavis og klasserom. No ventar fire intense månader med produksjon og teori i Førde, før praktikantane får prøve seg i ein annan redaksjon i to månader.

For første gong er det berre karar i kullet. Sidan starten i 2013 er det likevel eit klart kvinnefleirtal, med 60 prosent kvinner. Med vårens kull har i alt 41 praktikantar fått opplæring i språk og journalistikk i Nynorsk avissenter. Vel halvparten av dei som har fullført utdanninga, arbeider i dag som journalistar.

Dei fire utvalde i kull 10

Her er ein presentasjon av dei nye praktikantane:

Torvald Hjelden Sætrang er 20 år og frå Innfjorden i Romsdal. Torvald er glad i å skrive, og etter vidaregåande gjekk han på Skjeberg folkehøgskole og lærte sportsjournalistikk. Han er interessert i det meste av sport, og også oppteken av politikk. Sist sommar var han vikar i lokalavisa Åndalsnes Avis, der han fekk stort ansvar frå første dag. Han gjekk helgevakter åleine med ansvar for å publisere nyhendesaker fortløpande på nett. Dette gav meirsmak, og han er på plass i Nynorsk avissenter for å lære meir journalistikk og bli betre i nynorsk.

Thomas Vie Nordeide (32) voks opp i Fyllingsdalen i Bergen, men har også sterke røter i Førde. Han er utdanna medievitar med mastergrad frå Universitetet i Bergen, og han har kommunikasjonsfag i fagkrinsen. Thomas har jobberfaring frå kommunikasjon, PR og journalistikk. Han har vore nettredaktør og reporter i studentavisa Samviten, og han har praksis frå Studentradioen og Bergen Student-TV. Thomas har tru på at journalistjobb i ei lokalavis er eit interessant og givande yrke, og den sterke tilknytinga til Sogn og Fjordane gjer at han satsar her.

Per Lønning er 25 år og frå Stord i Sunnhordland. Per er ivrig musikar med gitar og song som hovudinstrument. Han har gått Viken musikkfolkehøgskole i Gjøvik, på lina Jazz-Pop-Rock. Han flytta til Bergen og har vore innom fleire fag der, som psykologi, nordisk og samanliknande politikk, og han har gått eit halvt år på bibelskule i byen mellom dei sju fjell. Per er oppvaksen på gard. Han har vore ryddegut på hotell, har drive hjelpearbeid på Filippinane og har selt bustadalarmar. Med aukande samfunnsinteresse og -engasjement følgjer lysta til å bli journalist.

Vetle Mikkelsen (21) kjem frå Odda, men har budd dei to siste åra i Bergen der han har studert Kjønnsstudiar og kulturvitskap. Engasjementet for nynorsk og språkmangfald byrja på vidaregåande skule i Odda, der han bytte hovudmål frå bokmål til nynorsk. Det gjekk eit ljos opp for meg, og eg oppdaga den språklege identiteten min, fortel han. Vetle har vore styremedlem i Sørfjorden Målungdom og lokallagsleiar i Skeiv Ungdom Hardanger og landsstyrerepresentant i Skeiv Ungdom. Han er ein ivrig debattant og meiningsberar, mellom anna i Si ;D i Aftenposten.

Ny leiar frå årsskiftet

Kjell Ove Nordeide overtok som dagleg leiar i Stiftinga Nynorsk avissenter 1. januar i år. Firda var eigd av familien Nordeide fram til 1996, og Kjell Ove voks opp i og med avisa. Han har hatt mange ulike roller i redaksjonen, som redaktør, redaksjonssekretær, vaktsjef og dei siste åra utgåvesjef på papir og frontsjef på nett. Kjell Ove Nordeide har også vore språkansvarleg i redaksjonen i mange år, og han var faglærar på avissenteret før han overtok som leiar

Ivar Myklebust Longvastøl har leia avissenteret sidan sommaren 2014. Han skal tilbake til stillinga som journalist i Firda frå september, og før det skal han skrive boka om Oddny og Magnar Kleiva, kjende frå filmane «Søsken til evig tid». Han skal jobbe i halv stilling i avissenteret i januar og februar.

– Viktig for rekrutteringa

– Nynorsk avissenter er ein viktig kanal for oss. Avissenteret leverer gode folk, og det er ikkje så mange andre som lenger leverer nyutdanna journalistar som skriv nynorsk, seier Svein Olav Langåker, redaktør for Framtida.no, Framtida Junior og Magasinett.

Framtida er ei nyhende- og debattavis for barn og ungdom, med kring 20.000 brukarar i veka. Langåker har så langt hatt fire journalistar frå Nynorsk avissenter. No søkjer nettstaden etter ny journalist, sommarvikarar og skribentar.

– Før kunne vi i større grad rekruttere frå studentavisene, men inntrykket mitt er at journalistane der nesten ikkje skriv nynorsk. Det er heller ikkje mange nynorskbrukarar frå dei tradisjonelle journalistutdanningane som søkjer hjå oss, seier Langåker.

BAKGRUNN NYNORSK AVISSENTER:

Nynorsk avissenter starta i tilknyting til avisa Firda hausten 2013. Føremålet er å lære opp journalistar som skriv nynorsk og meistrar dei nye plattformene for moderne avisjournalistikk. Praktikantane er fire månader i Firda og to månader i ein annan redaksjon. Av dei 37 som har fullført opplæringa til no, arbeider vel halvparten som journalistar. Nynorsk avissenter vert finansiert som eit språkpolitisk tiltak over statsbudsjettet med 2,8 millionar kroner, og avisa Firda stiller opp med 600.000 kroner. NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter i Førde utdannar til saman 18-20 nynorskjournalistar kvart år.

Fordeling kvinner-menn etter ti kull: 24 kvinner (58,5 prosent) – 17 menn.

 

Fordeling på heimstadfylke:

Sogn og Fjordane 13

Hordaland 12

Rogaland 6

Møre og Romsdal 5

Trøndelag: 3

Buskerud: 1

Akershus: 1

Til saman: 41

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...

Staten bryt språklova i kontakt med kommunane – både LNK, statsråd og mållagsleiar reagerer

Berre éin firedel av nynorskkommunane opplever at staten skriv mest nynorsk til dei. Den nye språklova har førebels ikkje gjort noko positivt utslag for...

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...