Heim Nyhende Målfolk krev NRK-nyheitsdirektør med språkmedvit

Målfolk krev NRK-nyheitsdirektør med språkmedvit

Kringkastingsringen er ikkje imponert over språkinnsatsen til NRKs avtroppande nyheitsdirektør Alexandra Beverfjord og håper på ein etterfølgjar med større språkmedvit.

 

Målorganisasjonen viser til fallande nynorskbruk både på nett og i NRKs radio- og tv-kanalar dei siste åra og peikar på Beverfjords manglande interesse for å følgje opp språkarbeidet og NRKs eigen handlingsplan for nynorsk som ei viktig forklaring.

Når ho no går av, må NRK finne ein ny nyheitsdirektør som kan sørgje for at NRK lever opp til den lovpålagde rolla dei har i å vareta norsk språk, krev organisasjonen.

– NRK må ta omsyn til språk når dei skal tilsetje ny nyheitsdirektør. Vi har forståing for at NRK må ta mange omsyn i jakta på den neste direktøren, men forventar at medvit for språk er eitt av kriteria, seier styreleiar Guro Kvalnes i Kringkastingsringen i ei pressemelding.

– Dei tre siste åra har vore ein språkleg nedtur for NRK. No håper vi NRK tar ansvar og arbeider for meir nynorsk, spesielt på NRK.no, seier Kvalnes.

Alexandra Beverfjord har vore nyheitsdirektør i NRK sidan 2015 og gjekk over til ny jobb som sjefredaktør i Dagbladet i april. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...