Heim Nyhende Professor fryktar nynorsk kan bli borte som rettsspråk

Professor fryktar nynorsk kan bli borte som rettsspråk

Dersom det ikkje blir gjort noko for å premiera bruken av nynorsk som fagspråk i akademia fryktar professor at nynorsk blir borte som rettsspråk.
 
– Om ikkje kursen blir endra, vil nynorsk som rettsspråk forsvinna om 20 år. Eg er alvorleg bekymra fordi så få studentar i dag vel nynorsk, seier professor og rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde ved Universitetet i Bergen (UiB) til universitetsavisa På Høyden.

Også Språkrådet er bekymra, og språkdirektør Åse Wetås etterlyser ei incentivordning.

Premieringssystemet må endrast

Det trengst meir enn gode intensjonar, meiner professor Jørn Øyrehagen Sunde. Foto: Universitetet i Bergen.

Han meiner den viktigaste grunnen til at fleire og fleire vel engelsk som publiseringsspråk er at forskarar blir premierte for kor mange artiklar dei skriv på engelsk. Øyrehagen Sunde meiner dette systemet må endrast.

– Så lenge du har insentiv til å skriva engelsk, må du ha det same for å skriva norsk og nynorsk. Elles gir det seg sjølv korleis utvikling vil bi, trass gode intensjonar, seier han.

Ein fersk rapport frå Språkrådet viser at knapt ti prosent skriv doktorgraden sin på norsk og under ein prosent skriv henne på nynorsk. Blant dei som skriv masteroppgåve er det 2 prosent som skriv på nynorsk. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...