Heim Nyhende Bokhandlarprisen har aldri gått til ei nynorskbok

Bokhandlarprisen har aldri gått til ei nynorskbok

 
Forfattarane Tore Renberg, Maria Parr og Frode Grytten er ikkje imponerte.

Denne veka vert den 37. bokhandlarprisen delt ut av Bokhandlerforeningen. Dei ti nominerte bøkene i kategorien skjønnlitteratur for alle aldrar er valt ut på bakgrunn av stemmer frå dei 558 bokhandlarane som er medlem i foreininga.

Bokhandlarprisen 2018 vart i dag tildelt Simon Stranger for romanen Leksikon om lys og mørke.

Ingen nynorsk

Blant dei ti nominerte var store namn som Jon Michelet, Lars Saabye Christensen og Per Petterson. Men ingen av årets nominerte er nynorskbøker.

Det melder Dagsavisen som har gått gjennom alle dei tidlegare nominerte og vinnarane av prisen.

Av dei i alt 115 nominerte bøkene sidan 2008 er det åtte nynorsktitlar av fem forfattarar. Carl Frode Tiller er nominert tre gongar, Maria Parr to gongar, medan Gunnhild Øyehaug, Tore Renberg og Frode Grytten er nominert ein gong kvar.

På sakprosafronten er nynorskstatistikken blant vinnarane betre. I 2016 fekk nynorskforfattar Kristin Fridtun Bokhandelens sakprosapris for Kjønn og ukjønn. Denne prisen vart først innstifta i 2001.

Les også: Frode Grytten: – Menn som ingen treng er kanskje endå meir aktuell i dag

Grytten: – Vitnar om ignoranse

Frode Grytten, som i 2016 var nominert for romanen Menn som ingen treng, er ikkje imponert.

– Dette vitnar om ignoranse. Diskrimineringa og marginaliseringa av nynorsk finst enno, og gir seg utslag som dette. Dette seier meir om Bokhandlarprisen enn om vinnarane: Det er ein kommersiell pris driven av ønsket om å selje ein viss type bøker: Romanar på bokmål, seier Grytten til Dagsavisen.

Han får støtte av forfattar Tore Renberg, som vann prisen i 2008 for bokmålsromanen Charlotte Isabel Hansen og var i 2016 nominert med sin første nynorskroman, Du er så lys.

Då Stavanger-forfattaren heldt opningsføredraget under årets Kapittelfestival i heimbyen nytta han høve til å oppmoda dei frammøtte om å «gå heim og gje nynorsken ein sjanse».

Nynorskens barnelitteraturstjerne, Maria Parr, som har vore nominert for Keeperen og havet i fjor og Tonje Glimmerdal i 2009 synest det er vanskeleg å tru at ikkje fleire bøker på nynorsk har vore bra nok for Bokhandlarprisen dei siste ti åra.

Drøymer du om å skrive for barn og unge? Superstjerne Maria Parr deler sine beste tips!

Samlaget-redaktør: – Ei fallitterklæring

Forlagsdirektør Edmund Austigard i nynorskforlaget Samlaget meiner praksisen ser ut til å diskvalifisera nokre av de største forfatternamna me har.

– Det er ei fallitterklæring frå bokhandlarhald når ein tilsynelatande systematisk styrer unna store nynorskforfattarar og viktige bøker i nominasjonane og kåringane av ein vinnar, seier Austigard til Dagsavisen.

Direktør i Bokhandlerforeningen, Trine Stensen, medgjev ovanfor Dagsavisen at Bokhandlarprisen diverre ikkje har noko stolt historie når det gjelder nynorske bøker.

– Bokhandelen har eit ansvar for å fremme all litteratur, og me skal peike på dette ansvaret for nynorsklitteraturen ovanfor våre medlemmer, understrekar ho.

-Vert delt ut av Bokhandlerforeningen på bakgrunn av innsendte stemmer frå landets bokhandlarar.

-558 bokhandlarar er medlemmer av Bokhandlerforeningen.
Prisen vart  delt ut første gong i 1981 og går til ei bok i kategorien skjønnlitteratur og barne- og ungdomslitteratur.

Prisen er ei vidareføring av «Takk for boken»-prisen, som vart delt ut av norske bokhandlarar første gong i 1948 og deretter i perioden 1961-1969.

Tarjei Vesaas fekk prisen i 1967, sidan den gong har ingen nynorskforfattarar fått utmerkinga

Kjelde: Dagsavisen

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...