Barnebokfestivalen Falturiltu på Stord har fått 400.000 kroner i tilskot til drift for 2019 frå Hordaland fylkeskommune.
Tilskotet kjem frå kulturbudsjettet til fylkeskommunen, fortel bladet Sunnhordland.
Med eit tettpakka og mangfaldig program over nesten ei veke har den årlege festivalen sidan 2006 sett søkjelys på nynorske barne- og ungdomsbøker.
I fjor kunne festivalen skilta med heile 90 arrangement i ti kommunar. Begge delar var ny rekord, heiter det på nettsidene til festivalen. (NPK)