Språkråd-direktør Åse Wetås er godt fornøgd med at regjeringa vil gi Språkrådet meir makt i framlegget til norsk språklov, sjølv om dei ikkje får sanksjonar å slå i bordet med.

– Eg er veldig glad for at lova eksplisitt omfattar Språkrådet som organ, og at lova omtaler sentrale arbeidsoppgåver som vi gjerne ønskjer oss ei styrking av, seier direktør Åse Wetås i Språkrådet til Nynorsk pressekontor.

I det lovframlegget som kulturminister Trine Skei Grande (V) sende ut på høyring fredag, foreslår regjeringa å lovfeste tilsyns- og rettleiingsrolla til Språkrådet overfor offentlege organ, og vil òg gi statsorgana plikt til å gi Språkrådet opplysningar til bruk i tilsynsarbeidet.

Men sanksjonar i form av gebyrstraff eller anna får dei ikkje. Det er eit punkt Trine Skei Grande ventar debatt om.

LES OGSÅ: Ny språklov: – Vil styrka språkmangfaldet

Vil ha debatt om sanksjonar

– Det trur eg er eit veldig godt stalltips frå kulturministeren. Dette har allereie vore debattert mykje, mellom anna i samband med val av namn på statlege verksemder og i kva grad statlege verksemder skal ha plikt til å rette seg etter krava i dagens mållov. Det er absolutt ein debatt eg trur det blir fint å få, og som det skal bli interessant å sjå resultata av, seier Wetås.

Men Språkrådet får uansett utvida armslag i språklova, understrekar språkdirektøren.

– Ei lovfesting vil i seg sjølv gjere det enklare for oss å handheve til dømes kravet til statsinstitusjonar om at dei må følgje rettskrivinga og tilby allmenta norsk på ein god måte, enten det gjeld namneval eller innhaldsproduksjon. Lovfestinga styrkjer i seg sjølv involveringa vår og rettleiinga vår overfor institusjonane, seier Wetås.

LES OGSÅ: Språkrådet refsar statlege namneprosessar

– Ein gledesdag