Bøkene er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og rettleiande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
![Maria Parr har skrive Leseland-boka Storebror. Foto: Agnete Brun](https://lnk.no/wp-content/uploads/2019/09/pirion.no_wp-content_uploads_2017_06_images_Maria-Parr13-2-300x184.jpg)
Mellom haustens bøker er fire av dei nyskrivne forteljingar av dei norske forfattarane Laura Djupvik, Anders Totland, Atle Berge og Maria Parr.
På spørsmål om kva som motiverte ho til å skrive ei lettlesbok svarar Maria Parr dette i ei pressemelding frå Samlaget:
– Det er rart med det, korleis ein ikkje forstår noko før ein kjenner behovet på kroppen. Det har vore ei openberring å sjå kor viktige desse bøkene har vore for barna mine då dei skulle lære seg å lese! Det var veldig motiverande.
Leseland har vore utgitt på Samlaget sidan hausten 2015 og består no av heile 77 titlar fordelte på fem nivå.